Om notene

Terje har opp gjennom åra knatta inn omlag alle utleverte noter i NoteWorthy Composer.Dermed kan sjøl dei pianoukunnige av oss øva heime på ein pc, om me vil.

Windows.
Du kan lasta ned evalueringsversjon av NoteWorthy Composer her. Lisens kan bestillast her.

Gå inn i menyen under Songar. Klikk på songen du vil øva på og velg Open. For å høyra alle stemmene klikk på Play knappen (F5). Stopp ved å klikka Play knappen på ny eller (F6).

For å spela bare din stemme må du markera den slik at den blir blå, og setja den blinkende svarte markøren på den staden du vil starta. Deretter vel du Tools -> Staff Play (Shift + F5).

Seinare tempo kan du velga med Insert -> Tempo. Ønskjer du å gå tilbake til originalversjonen kan songen opnast på nytt frå nettet. Filene er skrivebeskytta så det er ikkje mulig å øydelegga noko der.

Ikkje windows?
For dei som ikkje har Windows pc, eller heller vil nytta telefon eller nettbrett, er notene også lagde ut i mp3- og pdf-format under Songar-menyen.