Julemotett, Jul, jul, strålande jul, På bredden, Cantique, Eatnemen
Øvinga 19. januar
The Lord bless you, Viva la vida, Mary’s boy child, An Irish blessing, På bredden.
Korforbundets info om opptak.
Øvinga 12. januar
Vennefesten den 28. går ut. I staden vert det innspelingshelg i Orre kyrkje laurdag 28. og sundag 29. januar, begge dagar klokka 10 – 16.
Bakgrunn:
Etter konserten rett før jul kom det talrike oppfordringar om at me burde hermetiserast. Etter ei manglande handsopprekking vart det så teke kontakt med sjefskonservator Gunnar Tønnesen som er villig til å utføra dette på oss.
Skal du vera med på innspelinga 28 og 29. januar, må du møta på dei neste øvingane vel førebudd! Såatta.
Lista med songar finn du her.
Vennefesten avlyst!
Pga kollisjon med cd-innspelingshelg, avlyser me vennefesten som var planlagt den 28. januar i år. Gi beskjed til den/dei du har invitert!
Set i staden av helga laurdag 28. og sundag 29. januar til innspeling av CD! Lydmann Gunnar Tønnesen er bestillt, og me håpar på å få leiga Orre kyrkje. Ventar på endelig skriftleg stadfesting av leige av kyrkja…
Konserten 8. januar
Gild konsert i Gausel kirke!
Me var sist ut av 4 kor som kvar hadde ca eit kvarters program. Først ut var Sola kammerkor med ei nydelig åpning med dempa belysning og koret rundt i salen. Deretter Lund bygdekor med meir tradisjonell julesong. Etter pausen var det Concentus sin tur med fantastiske klangar, bl. a. av Knut Nystedt.
Til slutt var det vår tur, og det gjekk vel sånn rimelig bra. Mulig at ein del av oss hadde litt ufrivillig vibrato etter nettopp å ha høyrt på dei ‘profesjonelle’…