Cuba påska 2005

Havanna

I tida søndag 20. til søndag 27. mars 2005 var me på tur til Cuba.

Søndag

Varmt og godt i Havanna by! I går kveld var omsider alle samla på hotellet. I dag har me hatt sight-seeing i Havanna, og omsider kom omlag all bagasjen også fram. Så nå er det berre Eirik, Ingvar, Ketil og Lill-Karin som ikkje har fått bagasjen… Uheldigvis ligg programma for kveldens konsert i min (Eirik’s) ryggsekk, så akkurat nå er eg på Hotel Nacional og får fotokopiert opp nye. Og her er det internett som ser ut til å virka, så då er det berre å prøva seg… Me har hatt ein nydelig tur rundt i Havanna i solsteiken, og avslutta med ein herlig lunsj på eit av hotella i gamlebyen. Der var det også allsang saman med eit omkringgåande orkester. Alle er nå (kl. 14:40) tilbake på hotellet for å dusja og skifta til konsertklede. Så er det buss tilbake til gamlebyen og kyrkja for øving før konserten i kveld kl. 18. Har aldri før opplevd så mykje tigging, eller oppfinnsomme måtar å få pengar ut av turistane sine lommar. Men elles snillt og greit så langt!

Mandag

Fridag i Havanna. Varmt og godt, og to bad i det karibiske hav! Konserten i går kveld vart ikkje heilt slik som håpa for vår del, men me fekk ei fantastisk forestilling av Coro Leo, 12 kjempeflinke profesjonelle koristar frå Havanna! Publikum var det diverre lite av, men det møtte likevel opp ein del folk i kyrkja Frans av Assis i gamle Havanna. Først oss i ca. 3 kvarter, deretter ein god halvtime med unge proffar (dei øver 3 timar kvar dag!) som både sang og bevega seg som dei ikkje skulle gjort anna. Deretter avslutta me med 20 min. engelsk og spansk, som me har gjort betre før. Etterpå var me samla til kaffi og kaker i ein restaurant og fekk snakka litt med Coro Leo sine medlemmer, og gitt dei nokre gaver som minne frå Norge. Deira dirigent rosa oss for god framføring, tatt i betraktning at me øvde så lite som 2,5 timar i veka… I dag har me vore på oppdaginsferd i smågrupper rundt omkring i Havanna. Alle eg har snakka meg er svært begeistra for dagen så langt, og har tatt egg-, amerikanar- og heste-taxi, og vore innom forskjellige sortar brønnhål i løpet av dagen. I dag tidlig fekk eg endelig bagasjen (dei 3 andre som også sakna sin, har fått han i løpet av dagen)! Dermed fekk eg endelig skifta frå svart dongeribukse til kortbukse. Det var umiddelbart omsett til bad i sjøen saman med Lars Sigve, Gaute, Modil, Guro og Arne, like utanfor munninga til havna i Havanna. 30 grader i sola, og minst 25 i vatnet. Jubelhyl og breie glis! Deretter vart det brønnepause i gamlebyen, før me leigde hestedrosje til Romeo e Juliana sigarfabrikk. 10 konv. pesos for å få omvisning i lokala frå 1876 vart verdt kvart øre. Ca. 600 arbeidarar arbeidde inne i 4 etasjar med å sortera blada, rulla sigarane, sortera etter farge (64 fargenyansar pr. type sigar!), legga i øskjer og forsegla og stempla. Dei produserte ca. 25000 sigarar pr. dag, 10 millionar pr. år av Cuba’s totale produksjon på 150 mill. Sigarproduksjonen er landets nest største industri etter turisme.

Trinidad

Onsdag

Godt over 30 grader i skuggen… I går feira med Hans Mangers 50 års dag med busstur! Først ca. 3 timar søraust til Cienfuegos og ein fin pitstop på ein nydelig strandkafe ved den 88 kvardratkilometer store bukta. Hans til Helga mista den nyinnkjøpte hatten på sjøn, og eg fekk ein god grunn til å få meg eit karibisk bad. Minst like varmt og godt som i Atlanterhavet ved Havanna! Deretter ca. ein time søraust til Trinidad, ved foten av nokre låge fjell. Heile vegen frå Havanna var elles rimelig flat, med palmer, sukkerroyersmarker, mange folk som haika og sabla mange rolig svevande gribbar. Ikkje så store som i Afrika, men hovudet var umiskjennelig gribbens… Her i Trinidad bur me kjempeflott oppe i lia ovanom byen, i små apartementshus med støypte gangvegar mellom. Heldigvis hadde dei basseng, så det vart raskt samling rundt det. Ingvill kjøpte badeball som me ungane fekk leka litt… Hans Manger fekk fleire rundar med Gratuleringssynging, også med hjelp av dei lokale underhaldarane med gitar og det heile. Han såg litt meir beklemt ut når me stemde i med Bamsfar i lia, men… I dag har Eirik, sonen til Anne, fødselsdag, og planen var å legga ut eit bilete av mor. Diverre er det ikkje mulig å lasta over bileter på denne internett-kafeen, så det får bli seinare. Mor og me andre stemmer likevel i: Gratulerer med dagen Eirik! Nå har me vore på omvisning til ein sukkerplantasje, klatra opp i eit 46 m høgt tårn som vart brukt til å halda vakt over slavane. Deretter var det inn til byen og kikka på den best bevarte kolonibyen i Cuba. I ettermiddag skal me reisa ca. 1 mil til stranda, og vera der til kl. 18. Etter middag i kveld skal få afro-cubansk underhaldning frå ein lokal scene. Skal helsa frå alle. Gildt å lesa innlegga i gjesteboka! Eg tek utskrift og viser til dei andre.

Fredag

Galvarmt! Over 35 grader i skuggen er nok, og vel så det… Onsdags ettermiddag var me på Ancon-stranda 16 km sør for Trinidad, og kosa oss på ei postkort-aktig karibisk strand! Store, fastmonterte stråparasollar reddar dei blåkvite av oss frå å bli aldeles suntbrende. Så var det tid for ei ny havsamling for Blandakoret Vivace. Oppstilling i bølgene, Johny i midten og synging av norske, afrikanske og cubanske sangar. Støtteapparatet var ivrige med film og foto-apparat. Mot slutten var det eit eller anna vesen i vatnet som beit til på stader som både den mannlige eller kvinnelige delen av koret vart rimelig overraska over. Kva det var veit me ikkje, men me ramla flirande på land til applaus frå dei få, men utvalde som utgjorde publikum. Om kvelden vart me kjørte med buss dei vel 500 metrane ned til Trinidad sentrum for å oppleva afro-cubansk kultur. Bortsett frå nydelige kjolar og fine kroppar var det trompetisten som vart mest lagt merke til. Han spelte konsekvent falskt alle høge tonar, så alvorlig at til og med eg høyrde det! Utrulig, og heilt ulikt alt me hittil har opplevd. I går, Skjærtorsdag, var det så lang busstur først nordaust til Sancti Spiritus, før me dreia nordvestover mot Sancta Clara. Der var me innom mausoleet etter Che Guevara og fekk informasjon om kva som skjedde før og etter revolusjonen på slutten av 50 talet. Me var også innom nokre jernbanevogner som var eit minne etter den avgjerande sigeren Che saman med 15 andre gjorde mot Batistas 450 soldatar. I det gamle teateret i sentrum av Santa Clara fekk me nok ein gong oppleva utrulig unge og dyktige koristar framføra både klassiske og tradisjonelle sangar. Dei og var anten studentar eller lærarar, og imponerte stort. Etterpå overrekte deira dirigent blomar til vår dirigent (!), og spurde om me kunne synga litt. Nå har det å hoppa etter Wirkola aldri vore favorittaktiviteten til nokon av oss, men me reiste oss opp og song bruremarsjen for dei. Det såg dei ut til å tåla, og dirigenten deira inviterte til samsang med nokre av dei cubanske me har. Nok ein gong fekk me oppleva at musikken gir ein herlig kontakt på tvers av språklige skiljer. Så etter ein god times samvær fekk me vita at me var hjartans velkomne til Santa Clara igjen, og dei ville hjelpa oss med kva me måtte ynskja. Herlig! Så var me klar for siste etappen fram til hotellet her i turistområdet Varadero. Dette er ei 20 km lang halvøy på nordsida av Cuba, med nydelig strender inn mot Mexicogulfen. Fint, stort hotell med stort sett reine rom. Mari og Ingvar fekk rom i nabohotellet, og var diverre ikkje så fornøgde. Om kvelden var det annonsert underhaldning på hotellet. Ein del av oss fekk med oss det: 4 lettkledde damer og 1 påkledd mann som i høgt tempo dansa og vrikka rumpeballar til hermetisk musikk… Joda, fint å sjå på for oss mannfolk, men enkelte av korets kvinnelege innslag var visst ikkje like fornøgde. I dag er det strandliv, før me kl. 14 reiser 20 km sørvestover til Matanza der me skal ha konsert saman med eit lokalt kor. Me gler oss! Skal helsa frå alle saman!

Varadero

Laurdag

Påskeafta i Varadero! Varmen fortset ser det ut til. Guiden vår fortel at denne varmen er uvanlig så tidlig på året. Vanligvis er det ikkje så varmt før ut i mai… Under konserten i Matanza var ikkje ei bukse turr! I lokala til ei metodistkyrkje var det ikkje luftkjøling, og tempen var oppe i 33 grader då me øvde. Under konserten slo dei av luftviftene, og aldri har me opplevd så heit ein konsert, på fleire måtar! Men akustikken var god, og heldigvis dukka det opp ein heil skuleklasse med studentar frå USA, så me slapp å syngja kun for kvarandre. Først ein liten halvtime med Vivace der eit par gamle damer på fremste rad spontant reiste seg og klappa på nokre av dei cubanske sangane! Klumpen i halsen var ikkje så langt unna… Så tok det lokale profesjonelle koret over. Nok ein gong fantastisk flinke sangarar som starta med ein nydelig sang av Knut Nystedt! Deretter song dei alt frå klassisk til pop og tradisjonsmusikk. Herlig! Til slutt stillte me opp i felleskor og framførde to cubanske sangar saman, på direkten utan øving. Johny dirigerte den første, medan deira dirigent leia den siste. Utrulig kor kontaktskapande det er å syngja nokre strofer saman… Etter konserten var det busstur ned til ein restaurant ved havet, og ein liten time med drøs og drikke før me måtte reisa for å nå middagen på hotellet. Deira dirigent takka for kontakten, og ynskte oss tilbake kva tid me ville, og dei ville meir enn gjerne ta i mot oss. Gildt! Etter middag var me inviterte av ein lokal strandbar å delta med sang på deira strandselskap. Dei kjørte full pupp med svært diskoanlegg, høgt lydnivå og innleigde salsadansarar osv. Som me etter kvart forstod, var dei mest interessert i det me ville kjøpa av dei, enn av sangen me skulle synga. Til slutt slapp me såvidt til me eit par sangar, som forsvann fullstendig i tomromet etter det lyd-trykket som nettopp hadde vore. Dermed hadde me fått nok av ungdommelig nattestrandliv, og patla oss ca. 100 meter vekk frå støysona. Der feira med langfredags fullmåne med å fjerna unødvendige tekstiler og ikle oss havet i staden. Blekkstilt Mexicogulfisk hav, fullmåne, varmt og reint vatn, sandbotn, ein gjeng med jærbønder og anna nordisk folkeferd! Hand i hand i stor sirkel, nedi til haka, firstemt afrikansk, cubansk og norsk korsang. Så henta Johny ukulelen og med han i midten avslutta me med alle dei kjende visene til Vind i garhol. Tenk gå hånd i hånd, på ei lange kvide strond, kjenna lokt av tare å av sjø! Dei få som var att på land, tok seg av dramatiseringa av akkurat den strofa. Litt etter midnatt rusla me dei 2-300 metrane tilbake til hotellet med nok eit minne for livet klistra innanfor augneloka. Les elles i gjesteboka at halve Bryne har hatt øvefær. Vel, me har ikkje skore klar her heller, utan at me er heilt sikre på kva det har vore. Det starta i Havanna med Mari og Ingvar som hadde vel eit døgn med sjau, og Marit S. som hadde høg feber i over 2 døgn. Trur det er ein 6-7 stk. som har vore innom sjukelista. Dei fleste av oss har ete rimelig fritt frå maten me har fatt, så me har ikkje grunn til å tru at det er maten som er eineansvarlig. Nei, nå er det på tide og koma seg ned på stranda og dyppa våre velskapte kroppar i Mexicogulfen, siste dagen før avreise heim igjen. Ha det!

Bilder


Posted

in

by

Tags: