Om

Vivace er eit blandakor stifta i 1980. Me har omlag 50 medlemmer og i tillegg til å arbeida hardt for å møta og nå stadig nye musikalske utfordringar og mål, set me stor pris på kameratskapet og prøver gjennom ulike aktivitar å halde vedlike og utvikle det sosiale nettverk i og rundt koret.

Me har eit vidt og variert repertoar: Norske folkesongar, utdrag frå musikalar, «klassisk» popmusikk, samtidsmusikk, hymner, messer og rekviem. I samband med vår deltaking på ein korfestival i Sør-Afrika i 2002, heldt me fleire konsertar med afrikansk musikk. Me avsluttar alltid eit prosjekt med å halda konsertar, ofte i samarbeid med lokale musikarar og orkester, og av og til med profesjonelle artistar og songarar.

Me har arbeidd med mange forskjellige dirigentar opp gjennom åra, der kvar har ytt sitt til læring og utvikling av koret. Nå har me gleda av å ha Pål Espen Nielsen som vår entusiastiske og godt likte musikalske leiar.

Administrativ informasjon, vedtekter og permisjonsreglement, oppskrift for bruk av Noteworthy Composer til øving, arkiv om konsertar og turar finn du ved å søkja på ord.

Korets sider på Facebook Facebook