Songar

Noter

  • nwc: NoteWorthy Composer
  • mscz: MuseScore
  • pdf: Portable document format
  • pdforig: Originalnoter i pdf

NoteWorthy Composer
Terje legg notene inn via note-programmet NoteWorthy Composer. Dette er eit program som kun er tilgjengelig på Windows.
Du kan lasta ned testversjon av NoteWorthy Composer her. Lisens kan bestillast her.
For å høyra alle stemmene klikk på Play knappen (F5). Stopp ved å klikka Play knappen på ny eller (F6).
For å spela bare din stemme må du markera den slik at den blir blå, og setja den blinkende svarte markøren på den staden du vil starta. Deretter vel du Tools -> Staff Play (Shift + F5).
Seinare tempo kan du velga med Insert -> Tempo. Ønskjer du å gå tilbake til originalversjonen kan songen opnast på nytt frå nettet. Filene er skrivebeskytta så det er ikkje mulig å øydelegga noko der.

MuseScore
mscz-filene kan lastast ned og spelast på telefon eller nettbrett via app’en MuseScore Songbook.
Klikk på mscz-lenka, deretter Åpne i -> MuseScore Songbook. Songane blir då opna i app’en, og lagra lokalt.
Inne i Songbook-appen kan du:

  • Velga utsnitt eller startpunkt. Klikk på pilfirkanten. Sveip lett til du finn startpunktet, trykk roleg ein stad i starttakta. Då blir den takta merka som start med ein liten svart trekant oppe, og slutten blir markert med ein liten svart trekant nede på slutten av takta. Vil du ha sluttpunktet lenger fram, sveiper du dit og trykker roleg på takta du vil slutta i. Så trykker du berre Play (trekant høgre) for repeterande avspeling. Dersom du vil synga vidare, trykker du berre firkantpila for å avslutta repetering.
  • Auka/minka notestorleik. Trykk på forstørrelsesglaset, vel lita eller stor note.
  • Auka/minka tempo. Trykk på møllehjulet, vel tempo og/eller ny transposisjon.
  • Velga stemmer. Trykk på «hendlane» nedst til høgre, ta vekk notelinjer ved å trykka på auge-teiknet, ta vekk eller demp stemmer med lydreguleringsmarkøren

På Windows, Apple eller Linux kan du nytta gratisprogrammet MuseScore.

Pdf
pdf-filene kan nyttast til utskrift, eller lastast ned. Mange app’ar kan sortera, laga settlister, markera på og bla i pdf-filer, anten direkte ved sveiping, ved bruk av pedalar eller via fjernkontroll frå f.eks. dirigenten.
Eksempel: forScore (Apple), MobileSheetsFree Music Reader (Android).