Faksimile frå Jærbladet |
Ellen Wiig |
Ellen Wiig er dama som starta det heile. Me tek ein prat med henne for å høyra litt om bakgrunnen for det som har vorte Blandakoret Vivace. ”Korleis kom du på å starta eit nytt kor. Var det ikkje nok kor frå før”? spør me.
”Eg hadde gått på lærarskulen og sunge i kor der. Eg tykte repertoaret i dei kora som var på Bryne var for gammaldags. Det vart for mykje nasjonalromantikk og religiøs musikk. Eg hadde lyst til å få til ”nogen friske greie”, litt musikals, evergreens, gode viser og operettemusikk.
Eg fekk inn ein liten notis i Jærbladet nov .1979 og eg sette opp ein plakat på Domus. Dirigent hadde eg spurt meg litt rundt om og eg fekk etter kvart kontakt med Floyd Nilsen. Han var musikklærar på KleppUngdomsskule og han sa seg villig til å verta dirigent for oss. Eg hadde fått lov til å bruka eit klasserom på gymnaset til fyrste møtet. Det vart halde i januar 1980 og det kom ein ca 15 stk på denne fyrste samlinga. Me snakka ein del om korleis me skulle ha det, repertoar, øvingstider, løn til dirigent, kontingent, men me song litt og. Eg hugsar ikkje kva me song, men når du nemnde Moon River så trur eg det er rett.
Me vart einige om å ha øvingane på mandagskveldane. Floyd Nilsen skaffa oss øvingslokale på Klepp Ungdomsskule, men det var ikkje av klart med rektor der og øvingane vart ganske fort flytta til naturfagromet i Bryne Barneskule. Så var me i gang.
Fyrste opptreden var på Jæren hotell i mai 1980. Me ville prøva oss på eit publikum for fyrste gong. Me hadde bedt om å få koma å syngja. Det galdt og å få trening i å opptre og å visa folk at me fanst. Koret hadde nå auka til ca.35 sangerar. ”
”Du flytta frå Bryne og har ikkje vore med i koret seinare, men bur på Bryne nå. Korleis tykkjer du koret har vorte i forhold til det målet du sette deg i 1979”.
”Koret har vorte meir seriøst enn det eg hadde planar om, men eg er nærast mållaus over kva dei har fått til siste åra. Eg går ofte på konsertane”, avsluttar Ellen Wiig |
Dirigentane
Når eit kor fyller 25 år!
Ja, Vivace er blitt 25 år og det er ofte slik at når ein slik milepel vert passert , vil ein sjå seg litt tilbake og sjå på utviklinga som har ført oss dit me står i dag. Dirigentane er heilt avgjerande for kva koret gjer. Historia til koret er heilt avhengig av dei, og derfor vel eg å la historia om dirigentane og verta historia om koret.
Fyrst eit sitat frå ein rapport Steinar Eielsen skreiv etter eit dirigentseminar han var på då han var dirigent i Vivace:
Det finnes ikke dårlige kor, bare dårlige dirigenter.
Ei spissformulering, ja vel, men likevel med mykje realitetar bak. I så måte må Vivace seia seg godt nøgde. Me har hatt ei rekkje langt over middels gode dirigentar.
Floyd Nilsen
Korets fyrste dirigent, fødd 1948 i USA Han har si musikkutdanning frå Syracause University School of Music. Floyd bur i dag i Flekkefjord. Han er translatør og kordirigent. Han har mellom anna oversett ”Tryllefløyten” av Mozart til norsk dialekt og lagt heile partituret inn på PC. Floyd dirigerer i dag eit kor i Flekkefjord og eit i Egersund
Han dirigerte koret frå januar 1980 til september 1981. På denne tida var han musikklærar ved Klepp Ungdomsskule. Å starta eit heilt nytt kor krev nok mykje av ein dirigent. Kormedlemmene hadde lita erfaring både i korsang og det å driva eit kor.
Repertoaret frå dei fyrste månadene, må baserast på kva folk hugsar. Det er ikkje enkelt, men det som er klart er at koret hadde sin fyrste opptreden på Jæren Hotell, seint i mai 1980. Truleg var ”Moon River” og ”All night all day” mellom dei sangane som var med der.
Koret fekk seg ei vanleg linjert skrivebok av den typen me skreiv stil i, i min barndom, til protokoll. Og takk for det. Det ser ut som det tok fleire mnd før dei fekk etablert det fyrste interimstyre.
I løpet av det fyrste året var tre forskjellige personar nemnde som formann. Repertoarval vart avgjorde på allmannamøte i koret dei fyrste åra.
Fyrste opptreden, Jæren Hotell 1980. Floyd Nilsen ved pianoet
Bjørn Keyn
Tok over taktsokken i november 1981 og hadde jobben til mai 1982. Bjørn var opprinneleg Oslogutt. Grunnutdanninga i musikk tok han i California, men har eigentlig arbeidd med vidareutvikling av kunnskapane heile tida seier han sjølv. Han har hatt leiande stillingar innan musikkopplæring både i Amerika, England og Noreg. Han er pensjonist nå, men fortel at han har dirigert rundt femti kor i si tid.
Det vart bare 9 øvingar med Bjørn Keyn som dirigent. Repertoaret på denne tida var: Tumbalalaika, Climbing up the mountain, Nocturne, There’s no hidin place, Sommarpsalm, Frå Sommer i Tyrol, Deep River, Before Spring, My Lord what a morning, og Caroling, carolling.
Kirsten Marie Bjerga
Hausten 1982 fekk koret ny dirigent; den tredje så langt. Ho hadde jobben til juni 1991. Denne kontinuiteten pluss hennar sterke vilje til å oppnå resultat var nok avgjerande for ambisjonsnivået og kvaliteten koret etter kvart fekk, og som pregar koret framleis. Det var etter forfattaren si meining starten på den utviklinga som har ført til at Vivace er der dei er i dag.
Kirsten er frå Ganddal der ho i barneåra var med i det kjende ”Ganddal Pikekor”. Ho er utdanna ved konservatoriet i Bergen og Stavanger, der ho nå arbeider med å ta hovudfag i musikkpedagogikk. Forutan å vera kordirigent har ho hatt mange solistoppgaver innan fleire sjangerar dei siste 25 år.
Ho gav koret store oppgåver, som Gloria og Beatus Vir av Vivaldi, der koret fekk syngja klassisk polyfon kyrkjemusikk saman med ”Symfoniorkesteret for Jæren og Dalane”. Mottaking frå publikum var overveldane og koret vaks mykje så vel musikalsk som mentalt.
Stefan Skiøld og Mikis Theodorakis er namn dei som har fylgt Vivace lenge nok vil hugsa. Etter eit vellukka seminar med Theodorakis sin musikk og Stefan Skiøld som instruktør, var vårt repertoar tydeleg påverka av dei i lang tid framover. Koret lærde svært mykje av dette.
Market Square I Alnwick 1985
Siste store oppgaven i Kirsten si tid var ”Caffe Cabaret Vivace”. Dette var ei framføring av ein heilt annan karakter. Musikken var moderne og lett. Nemner: Come Back Liza , ein sang frå Jamaica, til Mamma vi’kke ha av Øystein Sunde og Bassin Street Blues av Spencer Williams til Scandinavian Shuffle av Svend Asmussen.
Det vart og leigd inn koreograf, band, pianist, lyd og lysfolk. Me fekk stor tiltru til oss sjølv, og desse store prosjekta gav oss erfaringar som har vore avgjerande for kva oppgåver me seinare har våga oss på.
Alt etter få år med Kirsten som dirigent, fekk koret eit bra ord på seg. Det førde med seg at koret fekk representera Time Kommune på ein internasjonal korfestival i Time sin venskapsby Alnwick i England. Dette vart starten på ein forholdsvis stor reiseaktivitet. Den vil verta grundigare omtala i eit anna kapitel. |
Market Square i Alnwick 1985
Steinar Eielsen
Steinar vart vår neste dirigent. Kjem frå Mandal, fødd 1948. Han overtok hausten 1991 og dirigerte oss ut vårsemesteret 1993. Steinar er ein mann som syner godt igjen i det norske kormiljø, både som dirigent, komponist og arrangør. Han fekk kulturstipend frå Sandnes kommune og Rogaland Fylke, noko som gav han høve til privatstudier i komposisjon hjå Knut Nysted.
Steinar har bak seg ein stor produksjon av kormusikk. Han har òg arbeidd som frilansar, der mykje tid vart brukt til komposisjon, arrangering og som gjesteinstruktør i kor rundt om i landet.
Steinar brukte mykje til på å utvikla koret teknisk. Å driva halvtonetrening med han virka litt framandt i starten. Ikkje alle var like motivert på dette, men me såg fort at det vart lettare etter kvart som me fekk trening. Me oppdaga og at det gav effekt, det vart lettare å øva inn nytt stoff. Homogen korklang var eit anna område han jobba mykje med, og på sin grundige innsiktsfulle arbeidsmåte oppnådde han gode resultat, som koret kan byggja vidare på og har nytte av den dag i dag. Steinar var nøye på at me skulle kunna ting svært godt før me tok sjansen på framføring. Det vart ikkje dei heilt store prosjekta i hans tid, men hans store kapasitet som korinstruktør har sett spor som kan høyrast den dag i dag. |
Geir Munthe Kaas
Dirigent i Vivace frå august 1993 og ut 1995. Født 1959. Vaks opp i Kabelvåg i Lofoten og på Kongsberg. Han har si musikalske utdanning frå Toneheim Folkehøgskole og Rogaland Musikkonservatorium. Han er utdanna kantor og arbeidde som det i Gjesdal frå 1983 – 2002. I dag (2005) er han salssjef i Cantando Musikkforlag i Stavanger. Geir har gjennom åra dirigert mange kor i området. Dei siste så langt er Blandakoret Frøysang og Hundvåg Kantori.
Me fekk i hans tid prøva oss på litt moderne ting som, ”Kantate til Mikkel Rev” av Nils Henrik Asheim. Ein gospelkonsert i lag med Bayou Blue, eit lite orkester som arbeidar mykje med denne typen musikk, gav oss nye erfaringar. Ei heilt ny utfordring var eit utdrag av The Phanthom of the opera, der Geir sine store ferdigheter som pianist verkeleg kom til sin rett. Gloria av Vivaldi vart også teken oppatt og framførd på Bryne og på Finnøy i lag med Jæren Symfoniorkester. |
Anders Larsen
Kjapp i replikken, stor humorist og sjølvironikar. Dirigerte koret frå 1996 til 1998. ”Favorittdirigenten” ynda han å kalla seg sjølv. Anders kjem frå Oslo og har frå barndomen sunge i ”Sølvguttene” og diverse gospelkor.
Han har si utdanning frå Hamar Lærarhøgskule, musikklinja.
Vivace hadde nok ei tid vorte meir og meir prosjektorientert og frå nå av kan ein vel sei at hovudaktiviteten vår var prosjekt. Fyrst og fremst eigne, men og i lag med andre ensemble. |
Anders var som ein virvelvind. Med stor innsatsvilje og pågangsmot, sette han alt fyrste året han var vår dirigent i gang med kabareten ”Hærlighet for Kjærlighet”, som vart framført i Storstova, Klepp Rådhus og Hå Gamle Prestegard.
Året etter vart det laga eit program kalla ”Norske folketonar med noko Jazz-(L)åt”. Det vart framført på Bryne, Orre og Jærmusèet.
Siste året, 1998, vart kabareten ”Jenter” framførd på Undheim, Orre og Bryne.
I tilegg til dette var Vivace arrangør for songarstemne på Bryne i 1996, og me deltok på landssongarstemne i Bergen, 1997, og songarstemne på Jørpeland 1998.
Som eit punktum for Anders si tid i Vivace, reiste me til Krakow am See i det tidlegare Aust Tyskland, der me var med på feiringa av denne byen sitt 700 års jubileum. Også dette våren –98. Ein hektisk periode med stor innsats av kor og dirigent.
”Hærlighet for Kjærlighet” 1996 |
Songarstemne på Bryne 1996 |
”Jenter”. Anders syng solo 1998 |
|
Johny Fosse
Dirigent i jubileumsåret. Tok til i jobben hausten 1998. Fødd på Bryne 1957.
I hans oppveksttid var det eit svært aktivt musikkmiljø på Bryne Ungdomsskule. ”Å få vera ein del av eit større miljø med flinke musikantar, har vore veldig viktig”, seier Johny. Han var i denne tida aktiv i både band og korps.
Vidaregåande har han frå det som seinare har vorte heitande Lundehaugen Videregående Skole. Han har 3 år på Agder Musikkonservatorium og eit på tilsvarande i Bergen. I tillegg til dette eit år på lærarskule med drama som hovudfag. Johny har dirigert samanhengande sidan han var 22 år.
Johny er dirigenten som har alt det ein korist kan ynskja seg. Han kombinerer stor fagleg innsikt med ein briljant evne til å læra frå seg.
Hans evne til å høyra kor det er feil og å setja inn rett tiltak for å retta den, gjer kvar øving til ei oppleving.
Sosialt: Sentrumsblink! Det naturlege midpunkt på fest eller tur.
Når timen for konsert nærmar seg, kjem hans heilt utrulege evne til å inspirera til syne. Frå ein dårleg generalprøve, kan Johny løfta prestasjonane våre mange hakk. Når Johny smiler kjenner me at dette går bra og så gjer det det! Dei musikalske høgdepunkta med Johny står i kø. Det har både med at han har vore vår dirigent lenge, men og med hans store evne til å læra frå seg. At koret med si stadig breiare erfaring lærer vanskelege ting lettare, er nok og eit faktum.
Edvard Gieg’s fire salmer opus 74 var eit stort ynskje frå Johny å få dirigera og det første store verket me øvde inn med han. Det vart framført i Ogna Kyrkje og Bryne Kyrkje våren 99, saman med Jæren Symfoniorkester og med Per Sigmund Rettedal som solist.
Deretter var det i gang med Sacred Consert av Duke Ellington. Dette vart framført hausten -99 saman med Orstad Storband og Bodil Arnesen som sangsolist og Olav Dale hadde saxofonsoloane. Verket vart framført i Stavanger Domkyrkje, Egersund kyrkje, Bryne kyrkje og Gand kyrkje.
Sacred Concert, Gand kyrkje 1999
|
Konsert i Nikolai kyrkja, Tallin 2000 |
Våren 2000 var det jubileumskonsert i Storstova 24 mai, før me for på jubileumstur til Tallinn. Hausten etter stod Libeslieder av Brahms for tur. Konserten, kalla ”Ein Romantisk Kveld”, med Bodil Fagerheim og Mette Kalleberg som gjester på flygel, vart halden i Storstova og i Sandnes Kulturhus. Adventskonsert i Ogna Kyrkje saman med Jæren Symfoniorkester fekk me og tid til. Eit innhaldsrikt år.
Så starta oppkjøringa til det store Garborgjubileet 2001. De fyrste og nok det mest arbeidskrevjande var ”Strid for fred”, eit bestillingsverk der Trond Ole Paulsen, komponist og dirigent i Frøysang, fekk i oppdrag å setja ny musikk til ei lang rekkje Garborg-dikt. Verket vart innøvd saman med Blandakoret Frøysang, Klepp Mannskor og Klepp Hornmusikk. Johny var dirigent og stod for fellesøvingane. Det var eit stort prosjekt der alle impliserte fekk bryna seg, og me lærde nok mykje av dette.
|
Bryne 2001 |
Seinare dette året hadde me fyrst Kongebesøket på Bryne, og på hausten var det nytt Garborg-program kalla ”Møte”. Våren 2002 var det tid for den fantastiske turen til korfestivalen i Port Elisabeth i Sør-Afrika, omtala lenger bak i heftet.
Hausten etterpå vart Requiem av Cherubini framførd saman med Jæren Symfoniorkester på Ogna og Bryne. Det vart også framført i Lura Kirke etter jul.
|
Plakat 2003 |
Etter Afrika-turen var koret svært tende på Afrikansk musikk. Me fekk, i samarbeid med Norges Korforbund, instruktør Sidumo Jakobs frå Sør-Afrika, til å koma til Klepp for å læra oss afrikansk musikk. Med ein totalt forskjellig musikk på alle måtar vart dette nye krevjande utfordringar for koret, ikkje minst rytmisk. Hausten etter (-03) heldt me afrikansk konsert fleire stader med song, dans og lysbileter: Stor suksess!
Deretter kasta me oss rundt att: Messe i C dur av Beethoven i saman med Jæren Symfoniorkester, Agder Orkesterforening og koret Syngjandi frå Valle. Messa vart framførd i Kristiansand og på Bryne våren 2004.
Så, hausten 2004, var det Cubansk musikk, nye rytmar og nye tonar. Stadig utfordringar å skjerpa seg på.
Slik er det å ha Johny til dirigent; alltid noko nytt, alltid noko gildt. Koret har under desse forskjellige utfordringane frå Johny fått næring til endå meir vekst, musikalsk, organisatorisk og sosialt. |
Musikalsk utvikling i Vivace
Astrid Wille Hansen
Vivace har gjennom 25 år hatt dirigentar som har arbeidd målretta for å gjera Vivace til eit kor i stadig utvikling. Kirsten Marie Bjerga la eit godt grunnlag ved å arbeida mykje med songteknikk. Ho er sjølv songar, og visste korleis ho skulle få det beste ut av det stemmematerialet ho hadde å arbeida med. Ho var bestemt og kravde innsats av songarane – det nytta ikkje å koma med strikkety på øving! Det trur eg Vivace skal vera glade for i dag. For framleis er det slik at på øving skal det jobbast med song. Disiplin når vi øver gir effektiv songartid, som igjen gir musikalske resultat!
Tida med Steinar Eielsen har sett sine spor i Vivace. Han arbeidde med vokalklangen. Det gjorde Vivace til eit kor med ein god homogen korklang. Den har vi teke med oss vidare, og får ofte positive merknad for nettopp det.
Sjølv om Vivace tyder ”livleg”, har ein ikkje falle for freistinga til å velja repertoar berre innanfor denne sjanger. Mange kor og dirigentar vel repertoar innanfor vise/pop/ rock/musical fordi det er ”lett, livleg og publikumsvenleg” . Ulempa er at det meste innan denne sjangeren er skriven for heilt andre ensemble. Mange av arrangementa er derfor ikkje særleg gode, og tek ikkje omsyn til koret som eigenart.
I Vivace har ein ofte valt originalskriven kormusikk. Ein har vore frimodig nok til å ta fatt på dei store meistrane som Vivaldi, Beethoven, Brahms, Cherubini, Grieg og Nystedt for å nemna nokre.
Det har nok hendt meir enn ein gong at kormedlemmer har rynka på nasen og ikkje tykt om repertoarvalget ved fyrste øving. Men så har vi ” bretta opp armane”, gått heim og øvd meir, og så syner det seg gong på gong at vi vert glade i denne musikken.
I Vivace trur vi at det er dei større klassiske verka som hevar oss og gir koret eit løft. Vi lærer og utviklarar oss som songarar gjennom dei utfordringane vi møter. For i slike verk har komponisten tenkt koret som eit instrument. Kvar stemme er viktig og sjølvstendig og ikkje berre eit akkompangement til ein melodi.
Det er utruleg viktig for eit kor å ha dirigentar som vel repertoar der det er teke omsyn til dette. Det må vera stoff som koret meistrar, men samstundes gjev utvikling og framgang. Vivace har vore så heldige at dirigentane har greidd den oppgåva. Vi har gjennom åra hatt ein fin balanse mellom det klassiske originalskrivne repertoar og det meir ”lette og livlege”.
Vivace vil gjerne leve opp til namnet sitt, utan at det treng vera eit kor som tek lett på oppgåvene og utfordringane.
Johny Fosse er Vivace sin dirigent i jubileumsåret. I løpet av den tida han har vore vår dirigent, har han gjort Vivace til eit kor som meistrar det rytmiske på ein heilt anna måte enn før. Ved å gjera oss kjende med m.a. afrikanske og cubanske rytmar, har vi lært at rytme er meir enn halvnotar og firedelar!
Saman med det grunnlaget vi hadde og det arbeidet Johny Fosse har gjort, er vi i Vivace stolte av dei prestasjonane vi no står for. |
Ein veterankorist får pennen
Møyfrid Johannessen
Litt om korleis eg opplever å vera med i Blandakoret Vivace..
Eg har vore heldig og fått vore med i Vivace sidan koret begynte i 1980.
Notisen om å starta eit nytt kor stod i Jærbladet hausten -79, og både eg og mannen min melde oss på. Då hadde eg lenge gått og tenkt å byrja i kor, men det var ingen i distriktet som passa, tykte eg. Vi hadde då tre mindreårige gutar som skulle leggast i den tida øvinga byrja om kvelden, men eg hadde ein snill bror som kom kvar veke og var barnevakt. Det var godt oppmøte på den første øvinga på Klepp ungdomsskule med ein dirigent som heiter Floyd Nilsen. Som i dei fleste blandakor var det litt lite menn. Eg hugsar ein av dei første songane vi øvde på, Moon River. Den songen, og eit par andre, opptredde vi med på Jæren hotell ein av dei første gongene vi skulle visa oss fram.
Eg har songe i kor då eg var unge og var også eit par år innom skulekorps, så det var ikkje ukjent for meg å sitja å øva og terpa på songar og noter. Det har vore godt å vera med i alle desse åra. Eg føler livet har blitt rikt med alle opplevingane vi får i korsamanheng.
Alle dei forskjellige tilstellingane og konsertane eg har opplevd i lokalsamfunnet og ellers i inn- og utland har vore med å gje livet påfyll. Hadde det ikkje vore for koret trur eg nok det hadde vore heller lite av den slags.
Repertoaret har vore allsidig ifrå kyrkjemusikk til musikalar og folkemusikk. Det har vore gildt det meste vi har øvd på, men det har nok hendt vi tok til med songar som vi ikkje meistra heilt dei første åra. Øving gjer meister, heiter det, og opp gjennom åra har koret utvikla seg til eit bra kor.
Dirigentane har lagt ned mykje arbeid med å skolera oss, og det har gjeve resultat. Koret har hatt øvingshelger, utanlandsturar, korstemne og gilde sosiale kveldar. Dei to gildaste turane eg vil framheva var i Alnwick i England med Kirsten Bjerga som dirigent, og turen til Sør-Afrika med Johnny Fosse. Turen til Sør-Afrika har vel vore høgdepunktet til nå og kan mest ikkje forklarast til dei som ikkje var med. Det å få oppleva det fargerike fellesskapet med songarar frå Sør-Afrika og syngja ilag med dei og sjå det vakre landet deira var stort.
Vi har skifta dirigentar fleire gonger. Kvar gong får vi oppleva å få ulike inspirasjonar frå desse musikalske personane. Om eg er aldri så trøytt når eg set meg i bilen og skal på øving, er eg som eit nytt menneske når øvinga er slutt. Då har eg fått litt av energien frå dirigent og alle dei andre songarane med meg heim. Sjølve korklangen har alltid fascinert meg. Den fine homogene klangen med under-, og overtonar som vibrerer i lufta frå songarane. Det er også ei spenning og forventning i lufta når ein skal opptre på konsertar, og det er godt å få formidla til publikum det ein har øvd på kveld etter kveld.
Koret har vore ein plass der eg har funne mange gode vener og vi har delt sorger og gleder opp gjennom åra. Eg håpar eg får halda fram til eg er 60 år, og at røysta og helsa held seg.
Og takk til Ellen Wig som tok initiativ til at koret starta. |
Korturane
Kor og turar høyrer saman. I førebuingsfasen vert nytt repertoar øvd inn, me skjerpar oss gjerne litt ekstra. Det musikalske og det sosiale utbyttet er som oftast stort. Alle som har vore på tur med eit sangkor veit korleis det er. I starten, når ein ny tur vert lansert, litt usikkerhet: Vert det dyrt, kan eg ta fri og vert me mange nok påmelde. Som oftast lagar det seg.
Me skal sjå litt på dei viktigaste turane koret har vore på, bakgrunnen og litt kva det har hatt å seia for koret.
Alnwick, England 1985
Englandsturen er nok kanskje den viktigaste turen i koret si historie. Den var meir grensesprengjande enn noko anna koret har gjort Det vert framleis snakka om den i koret. Det er fleire grunnar til det:
|
Alnwick 1985 |
Det var fyrste gongen Vivace var på tur utanom heimedistriktet. Det var ein jubileumstur i samband med at koret fylte fem år.
Målet var Alnwick i Nord England, Time Kommune sin venskaps by. Koret fekk representera kommunen på ein internasjonal musikkfestival der.
Førebuingane var omfattande og koret hadde eit allsidig repertoar. Forutan dirigenten, Kirsten M. Bjerga, hadde me og med oss Anders Åbø som pianist, så det faglege apparatet rundt oss var i svært gode hender. Me fekk opptre veldig mykje, både i byen og litt rundt i distriktet. Utfordringane når det gjaldt å halda konsertar på stadig nye ukjende plassar, var store. Reinstemte piano hadde ikkje høg prioritet i dette området. Me fann vel knapt eit. Konsertlokala var alt i frå ganske bra til at dirigenten sat på ein bardisk og koret stod rundt og oppetter ei trapp. Og koret takla det. Me hadde det gildt, responsen var veldig god og me lærde kollossalt mykje om å takla uforutsette ting som koristar.
Innkvarteringa var delvis privat og delvis hotell, men me fann oss ein pub, Linda’s, der me samlast om kveldane så den sosiale delen vart vel ivareteken.
|
Dirigenten på bardisken, Alnwick 1985 |
For eit så ungt kor å verta kjend igjen i byen av heilt ukjende blide folk med eit utrop: ”Oh, you are from the Norwegian choir” er stort. Å høyra folk som nynnar på ”Nocturne”, den songen me nok gjorde størst lukke med der borte, var større. Størst var nok likevel det ei lokal avis skreiv etter festivalen: ”The highlight of this years festival, was the choir from Norway” |
Voerde, Tyskland 1988
Tysklandsturen i 1988 kom som ein direkte følgje av englandsturen. Det hadde seg slik at i England fekk me kontakt med eit kor frå byen Voerde i nordvest Tyskland. Denne kontakten førde i si tid til innbyding og at koret reiste på tur dit.
|
Dirigentane med tysk formann, Voerde 1988 |
Det var først og fremst ei oppleving av tysk gjestefridom på sitt aller beste. Me budde privat og vart særs godt ivaretekne. Dei heldt fleire festar for oss på dei dagane me var der og me sang på fleire konsertar. Det mest minnerike elementet var likevel bussturen til vindistrikta i syd Tyskland, med vitjing på vingard i Nakenheim. Nemnast må og den overmåteleg store tyske gjestefridomen. |
Holland 1990
Etter Tysklandsturen vart det sett i gang planlegging av ein jubileumstur til USA, som skulle gå i 1990. Den vart det ikkje noko av, men på tur ville me og då vart det busstur til Holland i staden.
Det vart fyrst og fremst ein sosial tur, men me fekk ordna med nokre mindre opptredenar, så me fekk brukt songstemma litt der og.
Rosendal 1992
1992 vart Vivace bedne om å vera gjestekor på Hordaland Korforbund sitt songarstemne i Rosendal. Det var i Steinar Eielsen si tid og koret møtte særs godt førebudde med eit breitt program. Me hadde den største avdelinga av alle på opningskonserten. Me deltok og i ein Kyrkjekonsert i Kvinherad Kyrkje.
Bergen 1997
Landssangerstevne 1997. Dette var fyrste gongen Vivace var på landssangerstevne. Å oppleva Bergen som festivalby, i fint ver til og med, var verkeleg gildt. Songartog gjennom vakre Bergen, organisering av 5000 songarar, fyrst togoppstilling, så oppstilling av innpå 5000 songarar i felleskor, det organisatoriske imponerte mest. Men det å få stå midt i dette havet av songarar var ei stor oppleving.
|
Felleskoret oppstillt ved hurtigbåtterminalen, Bergen 1997 |
Me hadde fine dagar i Bergen, både sosialt og musikalsk. Stilte me oss opp og heldt ein liten spontankonsert, samla det seg straks eit lite, men velvillig publikum, enten det var på torgallmenningen eller på jernbanestasjonen. Det virka som den vanlege bergensar likte at me kom og laga liv i byen deira.
Vår evne til å ta ting på sparket vart styrka der. |
Krakow am See, Tyskland 1998
|
Anneli Schumann og Tor Arvid, Krakow 1998 |
Historien startar under krigen, då ein tysk soldat stasjonert på Bryne vart særs glad i staden. Etter krigen busette han seg i ein liten by i Aust Tyskland, kalla Krakow am See. Han fekk ei dotter, namnet hennar var Anneli Schumann. Henne fortalde han mykje fint om tida si på Bryne. Ho vart interessert i Bryne, og då ho vart vaksen skaffa ho seg kontaktar her.
|
Krakow kyrkje 1998 |
Då byen hennar, Krakow am See, skulle feira sitt 700 års jubileum, var Anneli med i arrangementkomiteen og Vivace vart bedne som gjester ved feiringa. Byen var liten, men det at 700 års feiringa kom få år etter kommunismen sitt fall var nok med på å setja standarden på feiringa. Dei var svært entusiastiske, feira i mange dagar. Vivace opptredde fleire gonger, både planlagt og spontant. Eg hugsar spesielt ein kyrkjekonsert me hadde saman med Georg Pollestad på munnspel. Ei sterk oppleving både for oss og for det tyske publikumet. |
Tallinn, Estland 2000
|
Tallin ortodokse kyrkje 2000 |
Tjueårsjubileet vårt var verd ein tur tykte me, denne gongen til Tallinn, hovudstaden i Estland. Turen dit gjekk med fly.
Bussen inn til hotellet fortalde oss litt om standarden på innanlands kommunikasjon i landet. Den stod i stil med trikken me seinare prøvde. Lite å verta imponert av.
Estland er kjend for kortradisjonane sine. Dessutan hadde dirigenten vår, Johny Fosse, gode kontaktar der. Tallinn var ein by med store kontrastar. Tiggarar og nyrike i flotte bilar såg ein over alt. Når ein såg på bygningane, så var det vakre umåteleg vakkert og det stygge umåteleg stygt. Hovudinntrykket var likevel at det var ein vakker by.
Me hadde tre konsertar der. Ein av dei saman med koret Viimsi. Ein av koristane deira, Jurgen Pillau, var solist i Grieg salmen I himmelen, eit musikalsk høgdepunkt på turen. Ellers var ein spontan-konsert i ei gedigen trapp i nasjonalbiblioteket ganske gild oppleving. Når travle folk stoppar opp, fyrst undrande, så mjuknar ansiktet og smilet kjem så smått fram, då er det gildt å syngja i kor. |
NOR-SA i Port Elisabeth, Sør-Afrika 2002
Norsk-Sør-Afrikansk Korfestival vart halden i Port Elizabeth i Sør-Afrika, fyrste gong i 2002.
Norges Korforbund sende ut innbyding. Etter innsending av CD med tre sangar, vart Vivace eit av åtte norske kor som fekk vera med. 46 sangerar pluss dirigent melde seg på.
At me skulle til Afrika, det var som eit eventyr. Programmet me øvde inn var fyrst og fremst europeisk, men me hadde og lært oss nokre Sør-Afrikanske sangar. Det skulle visa seg å vera nøkkelen til dei aller største opplevingane.
|
På opningskonserten skulle me ha eit nummer med piano til. Piano kom aldri på denne konserten så me hivde oss rundt og tok ein Sør-Afrikansk sang i staden. I den grad publikums respons betyr noko, var det som hende då det sterkaste eg har opplevd som korist. Det var ca 1700 personar i salen. Den farga delen av publikum utgjorde klart majoriteten og dei vart elleville. Dei klappa, hoppa, stod på stolane, dei vrikka og vrei seg. Aldri har vel klumpen i halsen vore større, og aldri har den vore vanskelegare å svelgja, på ein konsert. Men me fullførde, også det ei nyttig erfaring. Grunnen til den overhendige responsen var nok ikkje at me gjorde det så spesielt bra, men at me kom frå ein heilt annan kant av jorda og hadde gjort oss bryet med å læra oss deira songar. Du verda slik pris dei sette på det!
|
Dette fenomenet trefte me på fleire gonger i samband med spontankonsertar på plassar me var og åt. Sette me i gang å syngja kom kjøkkenpersonalet og viste stor begeistring. Fleire gonger lærde dei oss nye vers.
Eit anna høgdepunkt i Afrika var når me kom saman eit norsk og eit afrikansk kor i såkalla work-shops.
Dei Afrikanske koristane me møtte var utruleg dyktige. Nålauga for å koma inn i desse kora var nok trongt. I tillegg øvde dei like mykje pr. dag som me øver i veka. Å få stå å syngja jamsides med desse koristane, ein kvit, ein svart, ein kvit, ein svart, var både lærerikt og ei musikalsk oppleving. Utruleg flotte stemmar! Som avslutning på Afrika-opphaldet hadde me og ein busstur på fire dagar der høgdepunkta avløyste einannan.
Den sosiale delen av Afrika-turen var og svært viktig. I eit kor der samhaldet allereie var godt, virkar ein slik tur bare forsterkande på samhaldet. Å få ha det så gildt i saman med så mange gilde folk; det er gildt det! |
Cuba
Jubileumsturen 2005. Vivace er 25 år og dreg til Cuba; eit nytt eventyr. Det starta på Havana flyplass.
Tre – fire timars venting for å få registrert manglande bagasje. Dagen etter, stor bank; 40-50m lang skranke der dei sa: ”Sorry! We don’t have mony today. You can try tomorrow”. Tjue min. drosjetur for å få fatt i tannkost. Utruleg vakre og utruleg stygge bygningar i ”salig blanding”. Bilparken var samansett av tre kategoriar. Det var dei gamle amerikanske frå femtitalet. Så var det ein god del gamle Lada, og til sist såg me nokså ofte, moderne europeiske og japanske bilar. Busstur i moderne god buss gav oss mange inntrykk frå eit land me hittil bare hadde kjennskap til frå media. Halvering av sukkerproduksjonen på grunn av Sovjetunionen sitt fall synte att i store brakklagde areal, men og mykje vakkert landskap. Pløying med okse og transport med hest førekom langsmed vegen, men gamle Sovjet-russiske traktorar dominerte maskinparken.
Musikalsk: Ein Cubanar eg snakka med sa at cubansk kormusikk var øydelagd av eit krav om at alle kor skulle syngja ”Riktig politisk” musikk. Dette merka me nok litt til på små orkester som underheldt på restaurantar og barar. Ein hyllingssong til Che Guevara høyrde med.
|
Santa Clara, Cuba 2005 |
Dei kora me trefte hadde særs høg kvalitet og var så langt eg kunne registrera ikkje hemma av politiske krav til repertoaret. Dei var mellom dei beste eg har fått høyra.
Elles kjempa det musikalske og den særs høge temperaturen litt om merksemda. Det var frå tretti og oppover mot førti grader på konsertane. Koret meistra også det, og me fekk fin kontakt med så vel publikum som vertskor.
Sosialt var også denne turen svært vellukka. Nok ”fritid”, slik at folk kunne slå seg i lag for å handla, bada, gå ut og eta 0g gå på oppdagingsferd i lag. Fotografering av Vivace i eit eller anna eksotisk hav, har etter kvart vorte eit ”must” når me er på tur. Det vart gjort både i Mexico-gulfen og det Karibiske hav. Toppopplevinga sosialt var nok ”Fullmånekonsertbadet”. Norsk, afrikansk og cubansk musikk, under fullmånen, midnattstid, langt uti sjøen, med godt over tjue grader både i sjø og på land. Koret i ring med Johny og hans ukulele i midten. Kan slikt ha hendt før i verdshistorien? Ikkje trur eg!
|
Mexico-gulfen, Varadero, Cuba 2005 |
Turane Vivace har vore på, både dei som er nemnde og dei mindre til songarstemne på kretsnivå o.l., har hatt ein sentral rolle i arbeidet med å motivera koristane, og ikkje minst når det gjeld å skaffa nye habile sangerar. Sosialt er det det beste middelet som kan tenkjast når det gjeld å ”lima” koristane saman. |
Kurs/Seminar
Vivace har vore med på ei lang rekkje kurs og seminar opp gjennom tida. Ein gong i året har vore nokså vanleg, nokre gonger meir. Nokre seminar har vore i regi av korforbundet, andre har me halde sjølve. Det har vore enormt viktig å få impulsar frå andre dirigentar. Det har også vore avgjerande at me kom saman ei helg og på den måten, fekk arbeida så lenge samanhengande med vanskeleg stoff at det sat, at me slapp å starta mest på nytt att ein gong i veka.Å gå i detaljar med dette skal eg ikkje gjera, men nokre tykkjest viktigare enn andre og skal her få ein kort omtale.Rekkjefylgja er kronologisk.
Møgedalseminara er legendariske. Det var i pionertida, 84-86 ein gong i året. Dei vart haldne i ei bedriftshytte i Møgedal sør for Helleland. Det var knallhard jobbing og stort musikalsk/sosialt utbytte. Piano transportert frå Bryne, kjøkkenvakt og utvask delt på koristane. Det var standarden den gong.Georg Pollestad, Møgedal 1985 |
|
|
Per Oddvar Hildre er kjend landet rundt, som ein særs fargerik musikkinstruktør. I tillegg til korseminar med han, har Vivace fått vera arbeidskor/medium på eit dirigentseminar han heldt. Begge deler har hatt mykje å seia for utviklinga av koret. |
Stefan Skiøld, svensk tungvektar i korsamanheng. Eit helgeseminar med han, der musikk av Mikis Theodorakis var tema, sette varige spor i Vivace og prega repertoaret i lang tid. |
Sidumo Jakobs, eit Sør Afrikansk fenomen, ein utruleg korinstruktør. Sprekkfull av musikk og talent for formidling av denne. Ei eksotisk oppleving, som for all tid har sett spor, både i Vivace som kor, og i oss som sangerar og menneske. Du verda så heldige me var, me som fekk fire kveldar på rad med han!
|
Koret sitt ansikt
Namnet Vivace
Den fyrste protokollen til Vivace er ei vanleg linjert skrivebok. Utanpå den står det skrive Bryne nye kor. Dette syner tydeleg at det var viktig å ha eit eller anna som identifiserte koret inntil saka var drøfta og vedtak gjort. Dette ser ut til å ha føregått den 12.5.1980.
Då koret skulle starta att hausten –80 vart koret kalla ”På Go`foten” i ein annonse. Seinare på hausten kom saka opp og koristane vart oppfordra til å koma med forslag til namn. Desse forslaga skulle det så stemmast over. Det kom inn 14 forslag og spennvidda var stor. Det gjekk frå det trauste ”Bryne nye Blandakor”, til det meir luftige ”Sølvstrupene” og ”Jærens Glade Lerker”, frå ”Lett Blanding” til ”Bel Canto”. Avstemminga var den 13.10.1980 og namnet ”Vivace”, som er eit musikkfagleg ord og betyr frisk, livlig, vart vald.
Det var Astrid Obrestad som kom med dette forslaget.
Eit namn medlemmene samla seg om og var stolte av. Uttalen valdar enkelte visse problem. Ein gong på åttitalet, det skulle spelast eit opptak av oss i NRK lokalen, presterte programleiaren å seia ”Koret Visvas frå Bryne”. Det skada oss nok ikkje større, men innan koret fekk han så hatten passa. ”Totle-vas frå NRK” skreiv Jærbladet.
Logoen
Her skal han få stå midtstilt og vera sjølve poenget for ein gongs skuld.
Alle kor med respekt for seg sjølv har ein logo. Vår logo er laga av Dag Vidar Haugen, mannen til Kirsten Bjerga. Fyrste gongen eg finn at den er brukt er på utsida av dei nye vedtektene som vart vedtekne på ekstraordinært årsmøte 24.02.1983.
|
”Syng i sydvest”, Haugesund 1999 |
Logoen er ikkje nemnd i noko styrereferat så langt eg kan sjå, men sidan vedtektene er nemnt fleire gonger den hausten, har truleg nokon nemnt at koret skulle hatt ein logo. Dermed har nok Dag Vidar vorte sett på oppgåva. Ein ”slitesterk” god logo vart det. Den toler både forandringar i storleik og elektronisk handtering like godt. |
Fana
Grete Sikveland
Spørsmålet om eiga fane vart lufta med ujamne mellomrom opp gjennom historia til koret. I samband med at koret melde seg på til Landsfestival for kor i Stavanger 2001 vart spørsmålet reist på ny. Medlemmene i koret ønskte fane der me fekk visa kven me var og kor me kom frå.
Anne Håland, Grete Sikveland, Kate Sagland og Solfrid Apeland sa seg villige til å vera med å utforma ide og gjera arbeidet. Utgangspunktet var ein plakat som vart nytta tidlegare. Her var fire fargenyansar i turkis/blått. Dette var etter årsmøtet i jan. –01.
Me ønskte ei enkel fane og nytta oss av applikasjonsteknikk.
Framsida er sett saman av store stoffbitar i kraftig bomull. Korets logo, årstal for oppstart, og ein fugl er sydd på filt. Fuglen symboliserer dette med å vera ”på sangens vinger”. |
|
Baksida har også applikasjon, men då med mindre stoffbitar. Her er stanga brukt i motivet: Notelinjer som vaiar i vind. |
|
Arbeidet vart stort sett fordelt mellom dei 4 i fanekommiteen, men for å auka kjensla av at dette var vår fane har alle som var medlemmer i koret den gongen sydd nokre enkle sting.
Fana vart brukt fyrste gong ved Landsfestival for kor i Stavanger, juni 2001. |
Kordrakt
|
Koret før Engelandsturen 1995 |
Mange kor har fått utforma og teke i bruk ei drakt, eit klesplagg som skil seg såpass ut, at i ei folkemengd ser ein fort at her har me eit medlem frå koret. Dette kan ha fleire funksjonar, men den viktigaste er at koret skal ta seg fint ut når dei står oppstilt på ein scene. Vivace har gjort nokre forsøk, lange diskusjonar har avdekka mange meiningar som stod svært langt frå einannan. Drakter har vorte laga men dei har ikkje fått noko langt liv. Den fyrste var sett saman av mørkerosa kjolar med kremfarga kragar til damene. Mennene hadde kremfarga busserullar med smale striper og mørkerosa kragar.
Desse vart tekne i bruk i 1984. Busserullane fekk snart klengenamnet ”likskjortene”. Dei vart brukte nokre få gonger, men var aldri populære i det breie lag av koret og forsvann etter få år.
Seinare vart det kjøpt inn blå blusar til damene. Dei var laga av eit stoff som mange tykte var utriveleg å ha på seg. Dei fekk endå kortare levetid. Andre forsøk stranda før det vart tredd tråd i ei einaste synål.
Bunad på alle som har, og svart og kvitt på resten har vore brukt ein heil del ved spesielle høve opp gjennom åra. Det vert alltid godt motteke ute i verda.
Redningsplanken; heilt svart, har vore brukt i mange år nå. Då kan me lett variera med nokre fargeklattar i form av skjerf, sjal, slips ol. Åge Grude påstår at første gong han foreslo svarte klede, fekk han klar beskjed frå damene om at dette hadde han ikkje greie på…
T-skjorter med logo på har vore laga fleire gonger. Dei me hadde i Afrika var svarte med logoen i gullskrift. Dei var uhyre populære, spesielt hjå den yngre delen av dei afrikanske songarane. Mange av oss kom heim utan. |
Heimesida
Koret har hatt eiga heimeside sida 2002. Dette mediet har synt seg svært nyttig i korarbeidet. Både når det gjeld informasjon til medlemmene og til omverda. Eirik Bråtveit var den som såg korleis dette kunne nyttast, og han er ansvarleg for dette arbeidet.
Nemnast må og Terje Abeland som har lagt ned eit stort arbeid for å få lagt inn alle notene slik at medlemmene enkelt kan øva heime med hjelp av sin eigen datamaskin.
Heimesida var tidligare rimeleg innhaldsrik, med ein god del informasjon om koret, informasjon til medlemmene, arkiv, vedtekter, opptak frå konsertar, bileter frå turar, osv.
I det seinare er ambisjonsnivået kraftig redusert, og me har teke i bruk det heimesidetilbudet Norges Korforbund har laga for sine medlemskor. Dette dekker det viktigaste: Korets øvingsplanar, planlagde konsertar og adresselister. I tillegg leiger me oss litt lagringsplass andre stader slik at me kan legga ut lenker til bileter og konsertopptak frå tid til tid.
Heimesida finn du på adressa: www.bkvivace.com. |
Annonsar, plakatar og programhefte
Som på dei fleste andre område av kordrifta har utviklinga også på dette området vore stor. Annonsar, plakatar og programframside til ein konsert er som oftast svært i slekt med einannan. Når me ser på dei bakover ser me klart den tekniske utviklinga på dette området. Me ser og at kreativiteten har auka med tida. I dei siste åra har ei eiga gruppe hatt arbeidet med utforming av desse produkta. Det har vist seg å vera heldig. Dei har vore kreative og laga mange plakatar som har fått stor ros, både innan koret og frå publikum. Gruppa er samansett av Anne Håland, Marie Storhaug og Eirik Bråtveit. Me syner her ein collage av utviklinga på desse 25 åra.
|
Avisomtale
Kormusikk er ofte omtala i avisene. Det er nyttig for oss og me er glade for kvar gong koret få omtale i avisa. Opp gjennom åra har det samla seg ganske mykje avisutklypp: Det er frå positivt til svært positivt, og derfor også gildt å lesa. Me kan sjølvsagt ikkje gi att særleg mykje av det her, men me har laga ei side med ein del smakebitar.
Debutkonserten, mai 1980: Sangkor debuterte på Jæren Hotell. Ein alvorleg konsert var det ikkje, berre eit par tre nummer til hyggje og glede for gjestene. Koret hadde samlast for avslutning for sesongen, og i det høve ville dei gjerne visa, eller rettare sagt la folk få høyra, kva dei kunne. Jærbladet.
Jubileumskonserten saman med Jæren Ungdomskor og Bryne Storband, 1985:
Vellykket konsert: Koret hadde i alt tre solo-avdelinger som spente fra Negro Spirituals og Barber Shop til viser og kjente norske sanger. Alt ble fraført med glød og nerve, og koret bør kunne se lyst på neste femårsperiode. Jærbladet, Finn Audun Bohne
Gloria saman med Jæren Ungdomskor og Jæren Symfoniorkester, mars 1987:
En fryd for øret. Det var en fryd for øret, og for øyet også for den del, å lytte til konserten blandakoret Vivace i samarbeid med Rikskonsertene gav i Bryne Arbeidskyrkje søndag. … Der var sangglede, musikalsk innlevelse og kunstnerisk disiplin. Det er befriende å oppleve det profesjonelle, det som er langt, langt bedre enn brukbart. Jærbladet, Red.
Jubileumskonsert, april 1990:
Festlig og fin 10 års konsert. .., men den som har ført koret fram og skapt resultatene gjennom de siste åtte år, er sangernes elskede Kirsten. Kirsten Marie Bjerga og Vivace er ett begrep.
…Stor begeistring i salen for insperende dirigent og egnasjert kor, og en anonym publikummer kom fram og erobret mikrofonene for å uttrykke sin begeistring i et hyldningsdikt! Jærbladet, M.J.
Jubileumskonsert, 1995: Festklang med Vivace! … Her skulle vore mange fleire, for mykje av festklangen var til å få ”høneskinn” av.. Jo, det er flott når amatørar (elskarar) vil formidla. Då vert det kunst.. Og når Vivace er på sitt beste, formidlar dei denne kunsten like vesentleg som dei beste profesjonelle. …
Presisjonene var ikkje like god i alle songane. … Sigbjørn Lode, Ketil Berg og Bodil Løvold frå koret sine rekkjer hadde solistoppgåver i denne bolken. Det er viktig å gi slike utfordringar,- og denne gongen stod Bodil fram som ei strålande perle. Volumet er ikkje det største, men ho tar det att i klårleik og intensitet (timbre). Jærbladet, Karl Fjogstad
Hærlighed og kjærlighed, oktober 1996:
Herleg kabaret med Vivace. Full Storstove, eit engasjert og dyktig kor, gode solistar, eit velklingande repertoar; – då må det bli suksess! Og Vivace har klart det igjen, – fornya seg! …
Utanom kjærleiken i dei fleste tekstane var tråden syltynn, om han i det heile fannst. Men det er greitt om det heile er underhaldande og godt framført. Og det var det. Jærbladet, Karl Fjogstad
Sacred Concert, desember 1999:
Svingende julekonsert i Egersund kirke. … Orstad Storband beviste at de kunne mer enn å spille bare tradisjonell storbandmusikk. … Blandakoret Vivace fra Bryne, under ledelse av Johny Fosse, strevde litt med å holde følge under de heftigste innslagene. Dette skyldes mye lydopplegget i kirken, men også at noen av medlemmene skarret og rullet vel mye på r’ene til engelsk å være. Dalane Tidende, Kari Bergum
Jubileumskonsert, november 2000:
Vivace – romantikk etter 20 år. I blandakoret Vivace blømer romantikken framleis i samband med tjueårsjubileum. Dei som kjenner at romansen har bleikna etter samliv i så mange år, skulle kan henda melda seg inn i eit kor som held koken. Jærbladet, Karl Fjogstad
Spesielle oppdrag!
Etter 25 år med kordrift har eit kor sjølvsagt vore på mange slags oppdrag. Koret har hatt oppdrag på alle slags tilstellingar, frå basar til nyttårskonsert i rådhuset, frå å syngja på friluftsgudsteneste til eit oppdrag på Tou Bryggeri i samband med lanseringa av årets juleøl. Alltid gildt med nye oppdrag, men det er heilt uråd å koma nærare inn på alle desse her.
Det er likevel nokre få oppdrag koret er så ekstra stolte av å ha fått at me vil trekkja dei fram ved dette høve.
Kongeparken
Det første me vil nemna her er opninga av kongeparken i 1986. Det var ein storstilt affære med mykje mediamerksemd. Det store trekkplasteret var Sissel Kyrkjebø. Vivace song Å Vestland, Vestland saman med henne og det var jo litt av ei fjør å setja i hatten for eit seks år gamalt kor.
Kor stort utbytte me hadde av dette i vår musikalske utvikling vil eg ikkje gje meg inn på noko vurdering av, men at det auka sjølvtilliten er det ingen tvil om.
VM i pløying
1989 vart VM i pløying halden på Jæren. Dette var eit ganske stort arrangement med mange tilreisande frå ca tretti land. I samband med premieutdelinga vart det halde ein stor festmiddag i Stavanger Forum for ca 800 menneske. Det var ein tilhøyrarskare som nok var meir interessert i å snakka med einannan enn å høyra på kormusikk. I ettertid må me sjå det mest som eit ærefullt oppdrag. Utbyttet for Vivace låg nok fyrst og fremst i det at me greidde gjennomføra programmet trass mykje folk, tallerkenklirring og samtalestøy.
WACS Mat OL 1994
Worlds Assiciation of Cook Society er ein verdsomspennande organisasjon for kokkekunst. Dei held konkurransar, rundt om i medlemslanda, som dei kallar ”Mat OL” . I samband med at dette arrangementet vart lagt til Stavanger i 1994, var det ei tilstelling på Hå Gamle Prestegard der deltakarar frå heile verda kom. Vivace var med på eit folkloreprogram der samtidig som me serverte mat.
Milleniumsskiftet
Feiringa av milleniumsskiftet i Stavanger var eit storslått arrangement med mange profesjonelle krefter.
Førebuingane var nokså omfattande og me hadde nok stort utbytte av å få vera med å sjå korleis proffane arbeider. Det vart antyda eit publikumstal frå 20-40 000 menneske i avisene etterpå. Veret var dårleg, eg trur trygt me kan seia at det var den største forsamlinga og det verste veret me har vore borti på ein konsert. |
Kongebesøket 2001
Garborg-jubileet 2001 gav Vivace mange utfordringar.
Kongebesøket på Bryne var eit høgdepunkt i så måte. Under kongemiddagen på Bryne fekk Vivace den store æra av å stå tvers over for kongeparet. Det vart framført fleire sangar, som det såg ut for at både dei kongelege og resten av gjestene sette pris på. Eit særs ærefullt oppdrag og ei nyttig erfaring for koret. |
Øvingslokale
|
Korøving på Lye Skule 1996 |
Å ha ein fast tilhaldstad, med brukbart piano, gode lagringsforhold for noter, og rom stort nok for så mange koristar , er ikkje alltid like enkelt å finna. Det har vel ikkje avgjerande verknad for kordrifta, kvar i området øvingslokala ligg, bortsett frå kanskje litt i forhold til nyrekruttering. Når eg vel å ta med litt om dette er det fyrst og fremst for det langsiktige historiske perspektiv, å ha det nedteikna.
Som nemnt i intervjuet med Ellen Wiig var den aller fyrste samlinga på Bryne Gymnas. Dei neste to-tre øvingane var på Klepp Ungdomsskule. Ein kom ikkje til enighet med leiinga der og øvingane vart flytta til Bryne Barneskule der me vart verande i mange år. Etter som koret vaks, vart det trongt der. Hausten 91 vart det sett fram ynskje frå Steinar Eielsen om nytt øvingslokale.
Frå den 12.9.91 var amfiet på Lye skule det nye øvingslokalet. Der vart me verande til hausten –98, då Johny Fosse overtok som dirigent. Han var tilsett som lærar på Jæren Folkehøgskule og han ynskte å ha korøvingane i musikkromet der.
Koret har aldri betalt husleige for vanlege øvingar, bortsett frå at me på Folkehøgskulen deltek i ein konsert til inntekt for eit eller anna prosjekt skulen set i gang. Noko me truleg hadde gjort i alle fall. |
Medlemmer
Ingen kor utan medlemmer og ingen medlemmer utan kor. Dette er jo sjølvsagt, men kven er dei eigentleg dei folka som har utgjort dette koret opp gjennom åra. Ser me fyrst litt statistisk på det finn me at det er ca 1/3 menn og 2/3 kvinner. Totalt har det vore registrert 156 koristar innom i koret på dei 25 åra. Koret tel i dag 57 koristar. Det vil sei ein gjennomsnittleg avgang på 4 pr år.
Dei fleste større yrkesgrupper er representerte, men det er klart at lærarar er den tyngst representerte yrkesgruppa. Helsevesenet er og godt representert. Ellers finn me alt muleg frå frisør, politi, jurist, sjåfør, prest, entreprenør, bønder, butikktilsette, kontorfolk, industriarbeidarar…
Ser ein på medlemslista frå 1.1.1990 finn ein at 26 av namna der, også står på lista i dag..
|
Av dei 57 me har på lista i dag var 9 med frå starten i 1980. Å stå på i same koret i 25 år er såpass imponerande at dei fortener ein ekstra honnør. Namna deira er:Tor Arvid Bjorheim, Helga Klausen, Møyfrid Johannessen, Astrid Obrestad, Grete Sikveland, Tor Sikveland, Lill Karin Skailand, Randi Svensen. Malene Vold var også med frå starten, men var ikkje til stades då biletet vart teke. |
Medlemmer pr. 1.10.05:
Terje Abeland, Bass |
Mari Heien, Alt |
Ruth Rosland, Alt |
Ole Jørgen Alstadsæter, Bass |
Wenche Hognestad, Alt |
Kari Sande, Alt |
Anne Britt Andersen, Alt |
Gaute Horpestad, Tenor |
Ronald Sandvik, Tenor |
Solfrid Apeland, Sopran |
Anne Håland, Sopran |
Grete Sikveland, Alt |
Ketil Berg, Tenor |
Jan Dagfinn Jacobsen, |
Tor Sikveland, Bass |
Hans Manger Bjorheim, Bass |
Kjell Ivar Jess, Bass |
Elisa Siqveland, Alt |
Tor Arvid Bjorheim, Bass |
Møyfrid Johannessen, Sopran |
Lill Karin Skailand, Sopran |
Øyvind H. Braathen, Bass |
Liv Jorid Johansen, Alt |
Jon Are Skansen, Bass |
Eirik Bråtveit, Bass |
Helga Klausen, Sopran |
Marit Synnøve Stokke, Sopran |
Oddvar Bø, Tenor |
Tore Kverneland, Bass |
Marie Storhaug, Sopran |
Erling Edvardsen, Bass |
Bjarne Lodden, Tenor |
Marit Sveinsvoll, Sopran |
Åslaug Efteland, Sopran |
Margit Norheim Lyse, Alt |
Randi Synnøve Svensen, Sopran |
Arne Eide, Tenor |
Bodil Helen Løvoll, Alt |
Jofrid Taule, Sopran |
Martha Espeland, Sopran |
Lars Sigve Meling, Tenor |
Øyvind Tjelle, Tenor |
Johny Fosse, Dirigent |
Reidun Mellemstrand, Alt |
Ingvill Tjelta, Sopran |
Åge Grude, Bass |
Guro Myhrene, Alt |
Malene Vold, Alt |
Inger Grøttå, Alt |
Berit Irene Nærland, Sopran |
Karoline Wist, Sopran |
Astrid Wille Hansen, Sopran |
Astrid Obrestad, Sopran |
Kirsten Gustavson Østrem, Alt |
Gro Sissel Hauger, Alt |
Henning Rasdal, Bass |
|
Elisabeth Hauso, Sopran |
Inger Bente Reiersen, Alt |
Oversikt over dirigentar i Blandakoret Vivace dei fyrste 25 åra.
Januar 1980—September 1981 |
Floyd Nilsen |
November 1981 – Mai 1982 |
Bjørn Keyn |
September 1982 – Juni 1991 |
Kirsten Marie Bjerga |
August 1991 – Juni 1993 |
Steinar Eielsen |
August 1993 – Desember 1995 |
Geir Munthe Kaas |
Januar 1996 – Juni 1998 |
Anders Larsen |
August 1998 – |
Johny Fosse |
I dei fyrste åra var koret uten dirigent enkelte periodar, og det var uvisst kor lenge situasjonen ville vera slik. Då stilte kormedlemmane Hans Zahl og Liv Ueland opp og gjorde jobben. Det var truleg avgjerande for å halda koret saman i ei vanskeleg tid.
Ellers har Astrid Wille Hansen teke dirigentjobben ofte opp gjennom åra når dirigenten har vore forhindra. Også dette til stor nytte for koret.
Etterord
Å skriva historien til Vivace har vore både vanskeleg og lett. Lett fordi det finst forholdsvis god dokumentasjon. Vanskeleg fordi eg har vore med i koret det meste av tida. Utfordringa ligg i å halda stilen, å skriva det som ein historie og ikkje som eit referat. I dei tilfella eg ikkje lukkast slik det var tenkt orsakar eg meg med at ein historie med litt fargeklattar forhåpentleg vert litt meir leseverdig.
Ein av grunntankane har vore å sjå på prosessen koret har vore gjennom, frå den enkle starten til der dei er nå.
Det starta med ein flokk, for det meste uerfarne korsangerar. Dei set tidleg ein standard som går ut på å heile tida utvikla seg musikalsk, slik at dei hevar kvaliteten på korsongen. Kurs og seminar for å utvikla både den enkelte songar og samklangen i koret var tidleg ein viktig del av arbeidet. Stadig meir krevjande repertoar som er utviklande; noko ein må strekkja seg etter, krev innsats frå kormedlemmane. På denne måten vart det dei mest motiverte koristane som vart verande i koret, danna grunnstammen, og som med åra har vorte til ein svært stabil flokk songarar. Gjennomtrekken i Vivace er svært liten. Det er for tida tilnærma inntakstopp for damer og seksti års aldersgrense for alle. Det fortel jo og sitt.
Sekstiårs aldersgrense kan jo virka som ei hardhendt handtering av trufaste koristar. Det er reint faglege grunnar som ligg bak. Underteikna er mellom dei fyrste som står for fall og det kjennest vemodig å måtta slutta. Samtidig er eg stolt over å ha vore med i eit så bra kor så lenge, eit kor som viser sterk vilje til å halda høg standard. Lukke til Vivace mot nye og endå høgare mål!
Tore Kverneland
Vedlegg:
Korets styre
Årstal |
Formann/Leiar |
Nestformann/leiar |
Sekretær |
Kasserar |
Styremedlem |
Vara |
1980/81 |
Ellen Wig Eilev Johannesen |
Oddmund Bekkeheien |
Inger Johanne Gjelvik |
Grete Sikveland |
Jens Nesse |
Eilev Johannesen/ Astrid Obrestad |
1981/82 |
Hans Zahl |
Turid Barvik |
Inger Johanne Gjelvik/Astrid Obrestad |
Ragnar Norheim |
Tor Arvid Bjorheim |
|
82/83 |
Kari Mælumsæter |
Turid Barvik |
Liv Ueland |
Ragnar Norheim |
Tor Arvid Bjorheim |
Aslaug Knutsen |
83/84 |
Karen Horpestad/Tor Sikveland |
Karen Horpestad/Tor Sikveland |
Kari Mælumsæter |
Ragnar Norheim |
Aslaug Knutsen |
Helga Kvia |
84/85 |
Tor Sikveland |
Jan Dalen |
Møyfrid Johannessen |
Ragnar Norheim |
Kari Mælumsæter/Helga Kvia |
Helga Kvia/Torill Aasland |
85/86 Turid Barvik |
Jan Dalen |
Møyfrid Johannessen |
Ragnar Norheim |
Georg Pollestad |
Randi Svensen Ree |
86/87 |
Turid Barvik |
Tore Kverneland |
Møyfrid Johannessen |
Randi Svensen Ree |
Georg Pollestad |
Oddvar Bø |
87/88 |
Turid Barvik |
Tore Kverneland |
Møyfrid Johannessen |
Randi Svensen Ree |
Georg Pollestad |
Oddvar Bø |
88/89 |
Astrid Wille Hansen |
Randi Svensen Ree |
Møyfrid Johannessen |
Oddvar Bø |
Georg Pollestad |
Arne Eide |
89/90 |
Jens Nesse |
Turid Barvik |
Borghild Aase |
Sigbjørn Lode |
Oddvar Bø |
Åge Grude |
90/91 |
Jens Nesse |
Turid Barvik |
Borghild Aase |
Sigbjørn Lode |
Oddvar Bø |
Åge Grude |
91/92 |
Jens Nesse |
Turid Barvik |
Mari Heien |
Åge Grude |
Oddvar Bø |
Jørund Salte |
92/93 |
Jens Nesse |
Turid Barvik |
Wenche Hognestad |
Åge Grude |
Ingvill Tjelta |
Gro Sissel Hauger |
93/94 |
Solfrid Apeland |
Ingvill Tjelta |
Wenche Hognestad |
Tor Arvid Bjorheim |
Gro Sissel Hauger |
Jan Dalen |
Haust 94 |
Solfrid Apeland |
Kjell Bjørnevik |
Bodil Haukland |
Tor Arvid Bjorheim |
Reidun Oline Skadsem |
Astrid Obrestad |
1995 |
Bodil Haukland |
Margit Norheim Lyse |
Thomas Hausken |
Kjell Bjørnevik |
Ketil Berg |
Astrid Obrestad |
1996 |
Åge Grude |
Margit Norheim Lyse |
Malene Vold |
Thomas Hausken/Randi Svensen Ree |
Tove Dybesland |
Randi Svensen/Oddvar Bø |
1997 |
Åge Grude |
Karoline Wist |
Malene Vold/Randi S. Svensen |
Jon Are Skandsen |
Tove Dybesland |
Oddvar Bø |
1998 |
Inger Grøttå |
Karoline Wist |
Ruth S Rosland |
Jon Are Skandsen |
Dagbjørn Skipnes |
Oddvar Bø |
1999 |
Inger Grøttå |
Kirsten G Østrem |
Ruth S Rosland |
Dagbjørn Skipnes |
Terje Abeland |
Karoline Wist |
2000 |
Inger Grøttå |
Kirsten G Østrem |
Ruth S Rosland |
Dagbjørn Skipnes |
Terje Abeland |
Karoline Wist |
2001 |
Tore Kverneland |
Tor Sikveland |
Ruth S Rosland |
Kirsten G Østrem |
Gun-Christin Fjermestad |
Inger Grøttå |
2002 |
Tore Kverneland |
Tor Sikveland |
Elisabeth Hauso |
Gunn-Chistin Fjermestad/Åge Grude |
Astrid Obrestad |
Gunn-Christin Fjermestad /Åge Grude |
2003 |
Solfrid Apeland |
Øyvind Tjelle |
Elisabeth Hauso |
Åge Grude |
Astrid Obrestad |
Malene Vold |
2004 |
Solfrid Apeland |
Øyvind Tjelle |
Martha Espeland/Åslaug Efteland |
Åge Grude |
Malene Vold |
2005 |
Solfrid Apeland |
Eirik Bråtveit |
Ingvill Tjelta |
Åslaug Efteland |
Martha Espeland |
Malene Vold |
Korets noteliste
Jubileumskonserten
Bilete frå Sør-Afrika 2002
Bilete frå Cuba 2005
pdf-versjon |