Gruppenes ansvarsområder

Koret er delt inn i 7 grupper. Gruppene er oppretta for å gi det enkelte medlem i Blandakoret Vivace eit ansvar for heilskapen.

Gruppene oppnemner sjølve leiar for gruppa.

Styret i Blandakoret Vivace ber gruppene om bistand i samband med drifta av koret.

Gruppene engasjerer dei kormedlemane som er nødvendig for å utføra dei pålagde oppgåvene.

Gruppene rapporterer aktivitet og leiar til styret ein gong i året. Rapporten vert lagt til årsmeldinga og vert lagt fram på årsmøtet.

Sosialkomiteen

Sosialkomiteen har ansvar for sosiale arrangement i koret sin regi. Det kan vera sosiale treff i samband med konsertar og seminar samt arrangement ved semesterstart/-slutt.

Bevertningsgruppa

Bevertningsgruppa har ansvar for bevertning ved arrangement i koret sin regi. Det kan vera mat ved seminar eller bevertning under konsertar.

Musikk gruppa

Musikkgruppa har ansvar for val av repertoar saman med dirigenten.

Reisegruppa

Reisegruppa har ansvar for alle reiser i koret sin regi.

Plakatgruppa

Plakatgruppa har ansvar for utarbeiding av plakatar, program og billettar til koret sine konsertar. Ansvaret består i utarbeiding og trykking, samt distribusjon. Gruppa arbeider tett saman med Annonse- og marknadsføringsgruppa.


Nøkkelopplysningar i samband med utarbeiding av plakatar, annonsar o.l:

  • Namn på koret, + evt. orkester
  • Namn på verk, komponist, årstal
  • dirigent(ar)
  • solist(ar)
  • akkompagnatør(ar)
  • evt. tid for konsert – dato og årstal, klokkeslett,
  • evt. stad for konsert (ar)
  • evt. billettpris
  • evt. førehandssal

Annonse- og marknadsføringsgruppa

Annonse- og marknadsføringsgruppa har ansvar for sponsorar til annonsar og program i samband med konsertar, samt marknadsføring av koret sine arrangement overfor aviser og andre medier. Gruppa arbeider tett saman med Plakatgruppa.

Arrangement/teknisk komite

Arrangement/teknisk komite har ansvar for konsertførebuing og gjennomføring på det tekniske plan. Det inneber ansvar for leige av lokaler, tilrettelegging av lokala, pynting og rydding.
Styret i Blandakoret Vivace 15. november 2004.


Posted

in

by

Tags: