Sør-Afrika påska 2002

I tida søndag 23. mars til mandag 1. april 2002 var me på tur til Sør-Afrika.

Port Elizabeth

På flyplassen vart me tatt i mot av verten vår: Chris. Medan me venta på bagasjen vart det ny runde med «A’si katali» og så vidare. Det gjorde tydeligvis stor lykke hjå afrikanarane som var til stades: Breie glis og vaggande rytmesving! Innsjekk på hotellet i nokre knøttsmå dobbeltrom, før nokre av oss kasta oss fluksens i det indiske hav frå ei sandstrand like nedom hotellet. Fine bølger å la seg skumvaska innover i. Så var det i buss inn til ein restaurant i byen for inntak av ein herleg 3 retters middag. Pris: 80 rand (ca. 65 kroner!). Eit stort glas brun drikke: 10 rand, eit glas vin: 20 rand. Med på middagen var også nokre afrikanske korvertar. Då me avslutta middagen med nokre afrikanske sangar, reiste ei av desse seg og vart med, og sang ein nydelig solo av «A’si katali». Kunne knapt gjort det betre sjølv… Tilbake på hotellet ca. kl. tolv var det ingen som foreslo nachspiel. 30 timars flyreis og minimalt med soving gjorde at dei fleste var rimelig kjappe med å innta horisontalen.

Søndag

Paraden og åpningskonserten i New Brighton: 19 kor, maks. 10 min. pr. kor + 35 min introduksjonstalar = veldig lenge inne i ein svær hall med kora sitjande på tribunen og publikum nede i salen. Under introen av kora bad talaren publikum klappa kun (!) for Vivace! Reknar med at våre afrkanske sangar under opptoget gjorde inntrykk. Dei afrikanske kora var med med heile kroppen umiddelbart! Program: Bruremarsj, Trolldans, I’paradisi. Under den siste reiste heile salen med hundrevis av afrikanarar seg og vart med i sangen! Fantastisk gildt! Me har tydeligvis truffe noko hjå dei svarte med våre afrikanske sangar. Same kor me syng ein av dei, dukkar det umiddelbart opp nokre svarte damer som klappar hendene og vrikkar på ulike kroppsdelar. Og etter ein repetisjon fell dei inn i sangen med smil og herleg rytme. Etter fellesmiddagen på universitetet søndag kveld, starta Johny opp med A’sikatali, og dermed vart det straks ringdans med mange hundre svarte og kvite som heldt kvarandre i hendene og svinga i takt med sangen! Dessverre måtte me gå i bussane akkurat når dei svarte hadde tatt over sangen, så tilbake på hotellet måtte me på pub for å «roa ner». Etter dei vanlege Vind i garhol visene skulle me avslutta med litt afrikansk igjen. Ikkje før hadde me starta før døra til kjøkkenet gjekk opp og inn kom 6 – 7 afrikanske damer i blå kjøkkenuniform, med hendene klappande over hovudet. Etter sangen svinga dei seg tilbake igjen, med eit stykke ut i neste kom dei tilbake. Dette skjedde fleire gonger, sjølv om dei tydeligvis hadde det travelt med oppvask og opprydding for kvelden. Uforgløymeligt!

Mandag

Dagen starta med fellessesjon i Universitetet med ein del talar før innøving av ein firstemt afrikansk sang der teksten vart skriven opp på kvite tavler. Dirigenten var afrikanaren som hadde det afrikanske seminaret under landsfestivalen i Stvg. i fjor. Dessverre hadde me ikkje plassert oss stemmevis, så eg vart hengande etter… Deretter var det 1 times seminar med «Siyaphakama adult choir». Me vart plassert i eit knøttlite lokale, der dei lærte oss ein enkel afrikansk sang, og Johny dirigerte «Per spelemann» til du-du-dum tekst. Stor stemning heile tida, og då me avslutta me å overrekka dei våre medbrakte T-skjorter frå landsfestivalen i Stvg. 2001 vart dei heilt i hundre! På veg til lunsj sang med igjen A’sikatali saman og gynga oss gjennom bygningen og ned trappene på utsida! Græa bra! Ettermiddagen reiste me på visitt til ein svart «township» og sister Ethel’s «Missionvale» dagheim, skule og matutdelingsprosjekt. Fantastisk å sjå kva ho hadde fått til i løpet av sine 14 år midt i eit slumområde med ca 100 tusen innbyggjarar (Port Elisabeth har 2,4 mill innbyggjarar). Me hadde samla inn pengar på bussen som me overrekte henne. Ei lita, kvit kvinne med stor utstråling. Det gjorde sterkt inntrykk på alle. Om kvelden kom me oss (omsider…) avgarde på konsert i St Thomas High School eit stykke aust for byen. Først heldt Siyaphakama omlag ein times konsert med veksling mellom rytmiske og «vanlige» sangar. Dei øver 2 timar kvar vekedag, og var sabla dyktige. Deretter var det vår tur, og eg trur dei fleste var prega av aldri så lite prestasjonsangst. Men, me gjennomførte då etter eigen oppfatning ganske bra. I alle fall var publikum, som stort sett besto av dei andre kora og våre supporterar, villt begeistra og gav ståande ovasjonar etter avslutninga med Sithi yabolla! Til slutt sang New Apostolic Church Choir ein seksjon. Det var stort sett folk av blanda rase, som også hadde eit sabla trykk, men dei brukte også meir veksling mellom svake og sterke parti. Nok eit fantastisk kor! Nok ein dag fullasta med inntrykk. Astri lurer på korleis me skal koma oss ned igjen når me kjem heim. Den tid, den sorg…

Tysdag

Dagen starta med fellessamling på universitetet og ein veldig varm fellesoppvarming! Instruktøren stod høgt oppe på tribuna medan me var nede på golvet og prøvde å etterlikna hennar bevegelsar og rytmer. Ho hadde nok litt av eit syn når dei bleike frå nord prøvde å koordinera hendene, kroppen og armane! Sveitte greier på meir enn ein måte. Så var det ny «workshop» med Siyaphakama. Johny starta med å læra oss (alle!) å dansa og synga «Per spelemann». Deretter fekk me læra oss ein ny afrikansk sang, utan at eg vil påstå at eg hugsar den nå… I alle fall skal me visst framføra desse for dei andre på ei eller anna samling onsdag. Etter lunsj (som vart servert innan den oppsette tida!), reiste me med buss i ca. 50 min til Addo Elephant Park. Der kjørte me rundt i luftkondisjonerte bussar og gløste ut glasa på «the wildlife outside» på ekte amerikansk turistvis. Me fekk sjå mange elefantar, villsvin, strutsar og «dung beetles», kjempestore kakerlakkar som arbeidde med å fjerna elefantskit frå vegen!. Desse måtte for all del ikkje køyrast over, så sjåføren stoppa fleire gonger og burta til dei! På veg heim senka han ikkje på farten då han snitta ein ungeflokk som gjekk kloss i vegen… Om kvelden gjekk heile gjengen på nydelig restaurant i eit amerikansk inspirert shopping og restaurantsenter like bortanfor hotellet. Herleg tre retters middag a la carte, med vin og kaffi avec kosta meg den nette sum av 180 kr.! Arne Eide bestillte ein rekerett servert rykande over ein rødspritflamme. Stemninga rundt bordet var akkurat i ferd med å ta av då han sa han måtte venta med å eta til det hadde kjølna litt! Det var det som skulle til at han og Ingvill fekk fullstendig latterkrampe som kjapt spreidde seg til heile bordet. Sjeldan har så mange ledd så mykje for så lite… På veg tilbake hadde det slutta og regna, månen var mest full og me minst. Så difor måtte Jon Are, Martha, Terje, Heidi, Marit S og eg ta omvegen om stranda. Over 20 grader i både luft og vatn, ein herleg stemning etter middagen: Det måtte jo bli bading! Måneskinsymjing i det indiske hav anbefales! På restauranten fekk me nok ein gong fram dei svarte konene som arbeider på kjøkkenet. Nokre afrikanske sangar frå bleikhuda nordmenn har ein heilt fantastisk kontaktskapande effekt mellom oss og dei svarte. Dei kvite i restauranten fekk derimot eit litt stivare drag i andletet…

Onsdag

Eg og Grete starta dagen med å la det indiske hav omslutta våre velskapte kroppar. Føremiddagen var det avgarde til stor fellesøving i Feather Market Hall inne i sjølve Port Elizabeth. Ein gedigen hall med plass til alle ca. 800 sangarane oppe på scena, og ca. 1500 tilskodarar i sal og galleri. Det vart ein langdryg affære medan leiinga prøvde å finna ut korleis kora skulle sitja og gå for at skiftinga mellom dei ulike innslaga skulle gå raskast mogeleg. Ettermiddagen var det FRI (!), og dei fleste havna på handletur i handlesenteret like ved hotellet. Vertane fortalde at det meste er billigare i PE enn i Cape Town, så det var ingen grunn til å nøla. Kl. 16 hadde me avtalt korbilde-taking i det indiske hav, og bortsett frå presten og prestfrua var me på plass på tida. Ute i bølgene vart det sjølvsagt avsunge «I’paradisi» samtidig som supporterane febrilsk prøvde å ta bilder utan å få saltsprut på fotoapparata. Kanskje blir me utbrettkor i neste Korbladet? Konserten om kvelden varte frå kl. 19:30 til 22:45 (det var annonsert å vera frå kl. 19 til 21:30, men i Sør-Afrika er det ingen som forventar at noko går etter forhåndsavtalt tid… Ein utruleg variert konsert, som den bortimot halvfulle salen også sette stor pris på. Det veksla mellom folkedans, halling, moderne norsk musikk type Knut Nystedt, joik, bånsull, orgel (eit kjempedigert kyrkjeorgel midt over scenen!), moderne sangar på afrikaans og sist, men ikkje minst, afrikanske sangar med heile kor som bølga fram og tilbake! Til slutt var det utdeling av diplom og handdekorerte fat til dirigentane for dei ulike kora, og etter litt forgløyming og forveksling fekk alle kvart sitt til slutt. Etter konserten var det annonsert «party», som i korte trekk gjekk ut på å grapsa til seg så mykje som mulig frå ein del oppstillte bord med kanapear. På null komma niks var det berre stilkane igjen på fata, og det teppelagde golvet var nedtrødd med restar frå kylling, grillkjøt, blekksprut, småkaker osv. Likevel, ein uforgløymeleg festival var over og klemmar og «safe trip» ønsker vart utveksla. Gjennom workshop’ane var kvart kor vorte spesiellt godt kjente med eit av dei andre, så det vart helst med dei me prata og tok farvel.

PE til Keurboom River

Skjærtorsdag

Starten på Garden Route til Cape Town. Koret vart delt slik at 16 av oss reiser saman med Ørstakoret i ein buss, med resten av gjengen i ein buss for seg. Me i Ørstabussen har difor bytta ut reiseleiar Chris med kolsvarte Nwabisa, som påstår at ho skal kunna navna på alle 44 i bussen i løpet av ein helserunde! Er litt tvilsam, men mitt navn visste ho før eg fekk sagt det… Starta med ein tur direkte til Kvadrat i PE slik at damene kunne få kjøpa parfyme medan mennene (Johny, Oddvar, Gaute og eg…) sklei direkte inn på næraste vannhol til ein kald Castle. Der fekk me ei kort innføring i forskjellen mellom rugby og am. fotball, av ein av dei kvite tilsette. På veg til Storms River Mouth stoppa me ved to bruer som begge kryssa djupe gjel i det elles flate platået mellom havet og fjellrekkja eit par mil lenger inne. Dessverre for Jon Are og meg kom me til den siste brua litt for seint på dagen. Dei hadde nemlig avslutta strikkhoppinga, som etter annonseringa var verdens høgaste på 206 meter! Då me nærma oss Storms River Mouth, byrja me å forstå kvifor me skulle dit. For nedan og framfor oss kom det indiske hav dundrande inn mot land med full styrke. Kolossale bølger som braut heilt inne mot land og slengde sjøspruten somme tider 15 til 20 meter opp i lufta! Ute bles det 8 til 10 meter i sekundet, men med over 20 grader i lufta kunne me roleg studera dei enorme ollene på kloss hald. Så var det vandring langs ein plankebygd sti inn i ei trong bukt og over ei hengebru. På andre sida gjekk nokre av oss bratt oppover ein sti til eit utsiktspunkt eit par hundre høgdemeter over havet. Fantastisk flott plass! Ein kort busstur seinare svinga me inn på dagens hotell, Protea Hotel Keurboom’s River Lodge i Plettenberg Bay, som består av mange små toetasjes bygningar med gangvegar mellom. Nokre fekk leiligheter i staden for rom, men dei klarte seg for det…. Middagen var superb med alle mulige slag frå både hav og land. Dagen etter starta med å setja koffertane utanfor romma klokka 06:30, så det blir litt lite soving. Men så har me vel ikkje reist hit for å sova heller?

Langfredag

Starta grytidlig i kjempever og kun kort tur til Knyzna som ligg ved eit elvemunningen rett ut mot det indiske hav. Her bar det ombord i ei aluminiumsbalje av ein båt tvers over laguna og ut til naturreservatet på spissen av den vestre halvøya. Der vart me plasserte i tre tilhengarar kobla bak ein Unimog, og kjørte bratt opp fjellsida til eit utsiktspunkt over innseilinga, tidevannslaguna innanfor og byen på andre sida. Dei som ville, og det var dei aller fleste, valde då å gå tilbake til båten langs ein tillaga sti ned til munninga og langs laguna. Eit utruleg landskap med stup og grotter ned til det som guiden påstod vart rekna som ein av dei farlegaste innseilingane i verda. Tidevatnet snudde innover medan me var der ute, og vatnet gjekk inn og ut med opp mot 11-12 km/t. Bølgene utanfor bryt med eller mot denne straumen og laga eit sabla rot… Før baljen tok oss tilbake fekk me servert nydeleg fiskemiddag på restauranten ved kaia. Så var det shopping i byen før me kjørte til hotellet Brenton-On-Sea (http://www.brentononsea.co.za/) rett vest for Featherbed naturreservat.

Stellenbosch

Påskeafta

Nok ein altfor tidlig start med kofferten plassert ute kl. 06:15, og start morgonsmat kl. 06:30! Var nede ca. 06:35 til stappfull matsal og lang kø. Tydelig at folk har lært etter ein del dagar at skal ein få seg noko i seg og på seg, må ein vera om seg og for seg… Kjem nok aldri til å bli nokon stor masseturist-elskar. Men, utruleg nok, presis kl 8 fløyta damplokomotivet Outeniqua Choo Tjoe Train og starta dermed turen langs den gamle jernbanelina mellom Knysna og George. Mange trøtte tryner gynga seg etterkvart sovande framover, men dei fleste fekk med seg nokre nydelege panorama over havet, blant anna mellom Sedgefield og Victoria Bay. Framme i George var det dessverre ikkje tid til meir enn pissepause før bussavgang. Den gamle ankomsthallen var nemlig gjort om til eit gedigent togmuseum, som me ikkje fekk kikka noko nærare på. Så var det omlag 50 mil bussing langs Langeberge, den over 80 mil lange fjellrekka som skil det flate landet ute ved havet frå landet innanfor. Hotellet, Devonvale Golf and Conference estate (http://www.devonvale.co.za/fotos.htm) ligg nokre kilometer utanfor Stellenbosch.

1. påskedag

Nydelig dag som dessverre starta biringt for min del med slå på ringen store delar av natta. Var klar for ein rolegare runde, så Jon Are, Ruth, Karoline, Anne-Britt og eg åt morgons etter at dei andre hadde reist med bussar til Robben island og Cape point. Ein trivelig kar i ein eldre Caravelle kom så og kjørte oss via Signal horn til Table mountain. Der var det kokvarmt og etter ca. 1 time i kø, kom me oss opp i litt mildare luft 1000 høgdemeter rett over stranda og kappstaden. Kabelbanen består av to runde kabinar med plass til 65 personar, der golvet inne blir kjørt ein runde rundt på veg opp eller ned. Dermed blir det ikkje slåsting om vindusplassen, og alle får sett litt utover. Smart! Fantastisk utsikt i alle retningar: Atlanterhavet, det Indisk hav, Robben Island, sandstrender, fjellrekkjer. Så var det ned til Waterfront for lunsjing og handling. Sat å kikka på ein del selar som kosa seg i vannskorpa og på nokre flytebrygger rett nedanom utebordet vårt. Trivelig! Følte meg framleis noko laus i fisken, så eg takka for følget og leita opp Robben-gjengen og sat på med dei tilbake til Stellenbosch og hotellet. Om kvelden var det høgtidelig avslutningsmiddag i Stellenbosch sitt rådhus, med ordføraren og frue som inviterte gjester. Fine talar og fantastisk god mat, men me var nokre som murra litt over at avslutninga ikkje vart markert med nasjonalsangane. I staden sklei berre den eine gjengen etter den andre ut dørene og tilbake til sine hotell rundt omkring. På hotellet vårt vart det nok ein gong rigga til dans etter musikkanlegg i baren, og stemninga var høg då eg måtte gå for å slå på ringen litt over 12. Spesielt virka det som om Ørstakoret var i gang med ein aldri så liten burnout sånn på siste kvelden i Sør-Afrika.

2. påskedag

Avreise frå Cape Town Ferdig innsjekka med mange blide fjes rundt omkring!

Bilder


Posted

in

by

Tags: