Utstein Kloster 25. mars 2007

  • Jan Sandstrøm (1954): Sanctus (1994)
  • Giovanni P da Palestrina (1525 – 1594): Frå ”Missa Brevis”: Kyrie, Benedictus, Hosanna

Afrika

Påska -02 reiste Vivace saman med 6 andre kor til Sør-Afrika for å delta i ei norsk/sør-afrikansk korutveksling. Dette var ei spesiell oppleving for oss i koret både musikalsk og kulturelt.

Det engasjementet og den spontane songgleda som er til stades i dei afrikanske songane har fasinert oss. Me kan aldri formidla denne musikken slik dei sør-afrikanske songarane gjorde, – men me vil gjerne at du skal få del i litt av den songskatten ein finn i Afrika generelt og Sør-Afrika spesielt. Me håpar du kan ana noko av songgleda, dei svingane rytmane og intensiteten som ligg innebygd i denne musikken.

  • Dirigent: Johny Fosse
  • Resitasjon: Mari Heien
  • Solistar: Mari Heien, Elisabeth Hauso, Øyvind Tjelle
  • Trommer: Arne Andersen
  • Bilet-collage: Eirik Bråtveit
  1. Beautiful Africa
  2. Sangena: Me kjem. Me skal nå målet vårt.
  3. Siyahamba: La oss vandra i vår Herres lys.
  4. Sithi Halleluya: Ein gong skal me møtast i himmelen.
  5. Ayangena: Dei går hit og dei går dit, og dei veit ikkje kvar. Dei famlar fram på villan veg. Kven kan styra utan mål? Kven kan sigra utan mot? –
  6. Bawo Thixo Somandla: Me har det så tungt, eg skulle ynskja at dette var over.
  7. Ndijekele: Vik frå meg Satan.
  8. Ihparadisi: I Paradis kor dei døde lever, skal me og ein gong få leva.
  9. Freedom is coming
  10. Sitija Bula: Jesus min glede og min song. Du vann over døden.
  11. Khalima Bo: Hald deg på den rette vegen. –
  12. Shosholosa Mandela: Gøym deg, Mandela! Me skal henta deg når tida er inne. Heile folket ber deg om ikkje å bli teken.
  13. Thina Sizwe: Me, det svarte folket, kjempar for å få landet vårt tilbake.
  14. Senzeni na: Kva har me gjort? Har me feil farge? Har me same rett som dykk? Me ber om eit svar.
  15. Asikatali: Det gjer oss ingenting å bli fengsla. Me er menneske som har eit håp. Kampen blir hard, men svaret vårt er eit frigjort land.
  16. Sesebacha: Me er ungdommen som ikkje kan drepast. Me er ungdommen som ikkje kan knusast. Herr Statsminister! Me er dei unge.
  17. Djikijela: Kjemp mot fienden din. Me ser lyset me kan vinna.
  18. Shosholoza: Dette er ein arbeidssong frå gruvene. Sjølve ordet ’shosholoza’ er meint å etterlikna lyden av toget som køyrer menn til gruvene.
  19. Thina nto zabantu: Me er stolte av oss sjølve og måten me syng på. –
  20. Nkosi Sikelele: Gud velsigne Afrika.
  21. Beautiful Africa

Opptak


Posted

in

by

Tags: