Noter
Søk etter noter her.
- nwc: NoteWorthy Composer, eige format for programmet Noteworthy Composer på Windows. Liste sortert etter navn eller dato.
- mxl: Music XML, for t.d. app’en Practice Bird Pro. Liste sortert etter navn eller dato.
- pdf: Portable document format, for utskrift. Liste sortert etter navn eller dato.
- mp3: Lydfiler i mp3-format, for avspeling på pc, nettbrett eller telefon. Liste sortert etter navn eller dato.
Ved å velga sortering etter dato, får du øverst opp dei versjonane av songane som me øver på for tida.
NoteWorthy Composer
Terje legg notene inn via note-programmet NoteWorthy Composer. Dette er eit program som kun er tilgjengelig på Windows.
Du kan lasta ned testversjon av NoteWorthy Composer her. Lisens kan bestillast her.
For å høyra alle stemmene klikk på Play knappen (F5). Stopp ved å klikka Play knappen på ny eller (F6).
For å spela bare din stemme må du markera den slik at den blir blå, og setja den blinkende svarte markøren på den staden du vil starta. Deretter vel du Tools -> Staff Play (Shift + F5).
Seinare tempo kan du velga med Insert -> Tempo. Ønskjer du å gå tilbake til originalversjonen kan songen opnast på nytt frå nettet. Filene er skrivebeskytta så det er ikkje mulig å øydelegga noko der.
Music XML (mxl)
Dette er eit format som blir støtta av ei aukande mengd avspelarar.
Eksempel: Practice Bird Pro (iPhone og Android), Newzik (iPhone) . Ved nedlasting endrar nokre nettlesarar filtypen automatisk til zip. For import til Practice Bird Pro må dei endrast tilbake til mxl. Bruk evt. nettlesaren Opera for å lasta dei direkte ned som mxl, så slepp du å endra filnavnet.
Pdf
Pdf-filene kan nyttast til utskrift, eller lastast ned. Mange app’ar kan sortera, laga settlister, markera på og bla i pdf-filer, anten direkte ved sveiping, ved bruk av pedalar eller via fjernkontroll frå f.eks. dirigenten.
Eksempel: forScore (Apple), MobileSheetsFree Music Reader (Android).