Øvinga 27. oktober

Øvde på konsertrepertoiret, med Arne på trommer. Sangrekkefølga er publisert på konsertsida her.

Antrekk på konserten blir svart, med einsfarga skjerf for damene på dei afrikanske. Konserten blir i utgangspunktet utan noter. Dersom ein treng tekst/noter henstiller ein til å bruka eit enkelt svart ark i A5 format som ein limer/fester tekstark på. Så kan det brettast saman og leggast i lommen under dei sangane ein skal bevega seg.

Neste øving 3. november blir på Frøyland skule om ikkje anna blir annonsert her eller via epost.


Posted

in

by

Tags: