Handlesentersangen 10. desember

25 stk. av oss varma opp i ansattekantina på M44 frå kl 12. Song kl 13, ca 20 min, oppe i 2. etasje over inngangspartiet. Ein del bakgrunnsstøy naturlig nok, men ein god del folk stoppa opp og stod og høyrde på ei stund. 3 små søstre i like klede som stillte seg opp og interessert høyrde på, stal likevel showet ganske galant mot slutten!

Deretter bar det avgarde til Gamle Bryne Mek. og repetisjon av repertoaret der. Mykje betre akustikk og mindre støy gjorde lyden betre, i alle fall for oss koristane… Me stoppa ikkje akkurat julehandelen, men det var vel heller ikkje forventa.

Gode tilbakemeldingar frå besøkande begge stader!

NB: Hugs at øvinga neste torsdag er i Bryne kyrkje!


Posted

in

by

Tags: